Eldsbu - Knutepunkt for kunnskap
Veten, som er toppen vest for Varden, har tidlegare vore vetestad. Vetesystemet vart truleg etablert av kong Håkon den gode (ca. 915-961) som ein del av leidangen. Vetane bestod at ein varde av tre til bruk ved varsling om fiendar. Vart det oppdaga fiendar, skulle vetane tennast slik at røyken eller flammane var synlege mot neste vete, og slik skulle varslinga gå sin gang.
Veten på Eldsfjellet har god sikt mellom anna til dei nærliggjande vetane på Nøttveitveten på Radøy og Storevarden på Askøy. Bøndene i området rundt kvar vete hadde ansvaret for vedlikehald og bemanning av vetane, og det var streng straff for å forsømma denne plikta.
Vetesystemet i Nordhordland var aktivisert i åra rundt den engelske blokaden i 1807, men ein veit ikkje sikkert om nokon av vetane faktisk vart tende. Etter napoleonskrigane vart dei norske vetane avløyste av klaffetelegrafen og seinare av den elektriske telegrafen.