Slik får du fagbrev som vaksen

Det er aldri for seint å ta fagbrev. I Vestland fins det mange vegar til fagbrev for vaksne, enten du har lang praksis, ønsker omskulering eller vil formalisere kompetansen din.

Som vaksen kan du ta fagbrevet på fleire måtar. Ordningane er fleksible og tar utgangspunkt i kompetansen du allereie har.

Korleis ta fagbrev som vaksen?

Det fins fleire ordningar for vaksne som vil ta fagbrev:

Kva er realkompetansevurdering?

Realkompetansevurdering betyr at alt du har av kompetanse blir vurdert opp mot læreplanen. Når du tar fagbrev som vaksen er realkompetansen din avgjerande for kor lang vegen fram til fagbrevet blir. Dette er summen av all kunnskap du har fått gjennom jobb, fritid og utdanning.

– Før du begynner prosessen med å få vurdert realkompetansen din, er det viktig å samle saman det du har av dokumentasjon. Det kan for eksempel vere vitnemål eller attestar som viser yrkeserfaring eller frivillig arbeid, seier Audun Bjelland, prosjektleiar vaksenopplæring og rektor i Nettskulen Vestland.

Kva støtte kan du få?

Vaksne som vil ta fagbrev kan få støtte undervegs:

Det er mange vegar til fagbrev i vaksen alder. Ta kontakt med rettleiingstenesta tidleg for å kartlegge den beste vegen til fagbrev for deg.

– Det viktigaste er at du vel eit fag du er interessert i. Motivasjon er viktigare enn løn på lang sikt, seier Bjelland.

Gjennom Fagveg samarbeidar NAV, fylkeskommunen og bransjar aktivt for å hjelpe fleire vaksne over 19 år å få fagopplæring og fagbrev, og vidare ut i jobb.