Velkomen til eksamen

Her er oversikt over tillatne nettbaserte hjelpemiddel for skriftleg eksamen ved vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune.

Elevar og privatistar i Vestland vil ha tilgang til nettressursane på denne sida på eksamen.

Under eksamen kan det vere stor pågang på nokre nettsider, det kan føre til at dei heng eller er treige. Det kan vere lurt å forsøke med ulike nettleserar.

Du må bruke lenkene på denne sida for å få tilgang dei nettbaserte hjelpemiddla.

LEXIN-ordbøkene er laga spesielt for minoritetsspråklege elevar. Språkrådet har ikkje godkjent at LEXIN-ordbøkene i bokmål og nynorsk kan brukast i opplæring og på eksamen for andre elevar.

Nasjonal liste med nettressursar

Vestland fylkeskommune si lokale tilleggsliste

Alle nettressurasane krev at du har lisens eller konto. Kontoen må opprettast før eksamensdagen. Privatistar må sjølv opprette konto. Elevar i Vestland fylkeskommune vil ha tilgang til dei same nettressursane dei bruker i undervisninga og skal logge seg på med feide-brukaren sin.

NDLA sin praterobot er ikkje tilgjengeleg på eksamen. 

For at Lingdys skal fungere på eksamen må du gjere dette: 

  1. Laste ned programmet og logge inn i programmet før eksamen. 
  2. Bruk nettlesar Google Chrome
  3. Aktiver eller legg til Lingit Chrome Extension

Skrivestøtte vil ikkje fungere om dette ikkje er gjort.

Oppdater 16. april 2026.