Informasjon om timeavtale og besøk på tannklinikken

Velkommen til tannklinikken! Det er fint om du gjer deg kjent med informasjonen her før du kjem til timen.

Smittevernreglar

Det er viktig at du, og den som følger deg, er friske når de kjem til tannklinikken. Ring tannklinikken din for å flytte timen dersom:

  • du har nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon, omgangssjuke eller liknande
  • du har fått påvist covid-19

Følg dei generelle smittevernråda som god hoste- og handhygiene. Alle som kjem til tannklinikken bør vaske eller desinfisere hender når dei kjem og når dei går.   

Timeavtalen din

Ta kontakt med tannklinikken din om du har spørsmål til time, ønsker å endre eller avbestille time. 

Kom så presis som mogleg til timen, så vi kan unngå forseinkingar. 

Følge

Pasientar som treng følge kan ha med seg følgeperson.

Betaling

Barn og unge 0-18 år, langtidssjuke i institusjon og heimesjukepleie, personar med psykisk utviklingshemming og nokre andre grupper har rett på gratis tannbehandling i den offentlege tannhelsetenesta.

19- og 20-åringar får 75 prosent rabatt og 21- og 22-åringar får 50 prosent rabatt.

Vaksne som ikkje har rett på gratis tannbehandling må betale med debet/visa-kort på tannklinikken etter kvart besøk. Gebyr for å ikkje møte til oppsett time er kr 1045.

Avbestillingsgebyr

Du må avbestille timen innan 24 timar. Vaksne betalande pasientar vil elles få eit gebyr. Dette gjeld også barn og unge som skal til kjeveortoped.   

Utvida informasjon frå tannhelsetenesta - chatbot

Gjennom vår chatbot, som du mellom anna finn nede til høgre på denne sida, kan du stille spørsmål som har med tannhelse å gjere. Du får òg informasjon om opningstider til tannklinikk, pasientrettar, smittevern på tannklinikk med meir.