Barnefamiliepanelet
Kva fritidsaktivitetar deltar barnefamiliane i Vestland i? Er det forskjell i deltaking blant barn og unge avhengig av kor dei bur og bakgrunnen til foreldra? Kva faktorar kan påverke deltakinga i idrett, kultur og andre fritidsaktivitetar? Det er Barnefamiliepanelet med å gje svar på.
Barnefamiliepanelet vart gjennomført i heile Vestland for første gong i 2022 og for andre gong i juni 2025. Bergen kommune og Vestland fylkeskommune samarbeider om undersøkinga, som blir sendt ut til alle barnefamiliar i Vestland.
Barnefamiliepanelet gir god og nyttig kunnskap om deltaking i fritidsaktivitetar, som både fylkeskommunen og kommunane kan bruke til å planlegge og legge til rette auka deltaking.
Resultata frå undersøkinga gir eit godt kunnskapsgrunnlag for arbeid med Folkehelseoversikta i Vestland og anna planarbeid. For kommunane er undersøkinga relevant både i folkehelsearbeidet i kommunen, og i drifta og planlegginga innan ansvarsområda i kommunen, som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd og kultur. Undersøkinga er også nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Vestland, og andre fritidsaktørar.
Barnefamiliepanelet gir nyttig kunnskap i arbeidet med Fritidserklæringa Vestland, som har som mål at alle barn og unge skal kunne delta jamleg i minst éin organisert fritidsaktivitet i lag med andre.
