86 prosent av barn og unge deltar i fritidsaktivitetar
Deltakinga er i liten grad avhengig av inntekta til foreldra. Det viser resultat frå Barnefamiliepanelet 2025.
Saka oppsummert
- 86 prosent av barn og unge (6–17 år) i Vestland deltok i minst éin organisert fritidsaktivitet i 2025, ein nedgang frå 89 prosent i 2022.
- Deltaking i fritidsaktivitetar er i liten grad avhengig av inntekta til foreldra.
- Barn av innvandrarar deltar i større grad enn barn av norskfødde foreldre.
- Barn med utviklingshemming eller åtferdsvanskar deltar minst, særleg innan lagidrett.
- At barn og unge står utanfor organiserte fritidsaktivitetar, heng oftast saman med at familien ikkje er kopla på organisert fritidsliv, eller at aktivitetane ikkje er tilrettelagde.
- Dei yngste barna les meir i 2025 enn i 2022.
Funna er basert på resultat frå Barnefamiliepanelet 2025. Over 22 000 foreldre i Vestland svarde på undersøkinga.
Barnefamiliepanelet er ei brei undersøking om fritida til barn og unge i Vestland. Vestland fylkeskommune og Bergen kommune lanserte rapporten Alle inkludert? Barn og unge si fritid i Vestland 2025 2. oktober.
Til glede og ettertanke
Her kjem det blant anna fram at 86 prosent av unge i alderen 6 til 17 år i Vestland deltok i minst éin organisert fritidsaktivitet i 2025, mot 89 prosent i 2022.
– Det er gledeleg å konstatere at så mange som 86 prosent av barna i Vestland deltar i minst éin organisert fritidsaktivitet, og at tilboda når breitt ut. Samtidig må vi ta på alvor at deltakinga har falle sidan 2022 og gjere det vi kan saman med kommunar og frivilligheita for å sørge for at vi klarar å nå flest mogleg, seier Jacob Nødseth, hovudutvalsleiar for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune.
Barnefamiliepanelet vart sendt ut til alle barnefamiliar i Vestland i 2025, og meir enn 22 000 foreldre har svart på undersøkinga.
Lite avhengig av foreldreinntekt
I undersøkinga kjem det også fram kva grupper som deltar mest og minst i fritidsaktivitetar. Undersøkinga viser at barn av innvandrarar deltar i større grad enn norskfødde foreldre. Barn med utviklingshemming eller åtferdsvanskar er dei som deltar minst, spesielt innan lagidrett.
Deltakinga i fritidsaktivitetar er i liten grad avhengig av foreldra si inntekt.
– Det er flott å sjå at deltakinga i fritidsaktivitetar generelt er høg, og i liten grad avhenger av foreldra si inntekt. Dette viser at ein både har gode fritidstilbod i heile fylket og at kulturen for deltaking er sterk, seier Reidar Digranes, byråd for næring, kultur og idrett i Bergen kommune.
Aktive foreldre gir aktive barn
Andreas Roaldsnes er seniorrådgjevar i Bergen kommune og forskar ved Universitetet i Bergen og har leia arbeidet med rapporten frå Barnefamiliepanelet. Han trekkjer fram at undersøkinga har mange interessante funn, som kanskje går på tvers av dei vanlegaste forklaringane i debatten om utanforskap i fritida.
– Økonomi, transport og tilgang til informasjon ser ut til å bety mindre for om barn og unge deltar i organiserte aktivitetar eller ikkje. Barna som ikkje deltar, har foreldre som i mindre grad sjølve er aktive i organisasjons- og kulturliv. Desse barna kompenserer heller ikkje med meir uformelt sosialt samvær og venekontakt, noko som kan tyde på sosial marginalisering, seier Roaldsnes.
Utanforskap avhengig av to ting
Han fortel vidare at undersøkinga viser at utanforskap i stor grad handlar om to ting: at familien ikkje er kopla på det organiserte fritidslivet, eller at aktivitetane ikkje er lagt til rette for barnet.
– Det siste ser vi spesielt innan idrett hos to grupper, barn med utviklingshemming og barn med åtferdsvanskar. Dei deltar i langt mindre grad enn andre barn, slår forskaren fast.
Resultata frå Barnefamiliepanelet viser vidare at jenter og gutar deltar i like stor grad, men ofte i ulike aktivitetar. Barna deltar mest på barneskulen, og deltakinga fell markert med alderen til barna. Utdanninga og inntekta til foreldra spelar ei stor rolle når det gjeld kva aktivitetar barna deltar i. Barn i familiar med høg inntekt er oftare med i idrett, medan barn med høgt utdanna foreldre deltar oftare i kultur.
Lesing og sosiale medium
Barnefamiliepanelet ser også på korleis barn og unge deltar som publikum på idretts- og kulturarrangement, og på lesing, bibliotekbruk og bruk av media.
– Det er interessant å sjå at barna les meir om vi samanliknar undersøkingane frå 2022 og 2025. Auken gjeld likevel berre dei yngste. Dei eldste barna les mindre. Samstundes fortel foreldre at ungdom tar i bruk sosiale medium om lag eitt og eit halvt år seinare enn dei gjorde i 2022, seier Andreas Roaldsnes i Bergen kommune.
I følgje foreldra som svara på undersøkinga brukte 50 prosent av elleveåringane sosiale medium vekentleg i 2022, mot 24 prosent i 2025. For tolvåringane sin del er delen redusert frå 69 til 44 prosent.
Undersøkinga viser òg at barn og unge brukar folkebiblioteka meir i 2025 enn dei gjorde i 2022. Samtidig er det berre skulebiblioteka som når alle barna likt, uavhengig av kva bakgrunn foreldra har.
Til bruk for kommunar, frivilligheita og andre
Det er Bergen kommune og Vestland fylkeskommune som står bak Barnefamiliepanelet. Undersøkinga gir fyldig kunnskap om fritida til barn og unge mellom 3 og 17 år i heile Vestland.
Målet er at resultata skal brukast av kommunar, frivillige organisasjonar og andre fritidsaktørar i arbeidet deira med fritida til barn og unge. Funna frå Barnefamiliepanelet er presentert i rapporten Alle inkludert? Barn og unge si fritid i Vestland 2025, på nettsidene til rapporteigarane og blir lagt fram i eit digitalt informasjonsmøte seinare i oktober.