Høyring: Regional plan for verdiskaping og kompetanse

Kva retning skal Vestland gå i dei neste ti åra?

Regional plan for verdiskaping og kompetanse gir overordna rammer og føringar for utvikling av næringsliv, arbeidsplassar og kompetansefeltet i heile fylket. Planen er bygd opp som ein overordna og strategisk plan med seks overordna mål og har eit tilhøyrande handlingsprogram med strategiar som fylgjer opp måla.

Planen har eit breitt syn på næringsliv, arbeidsliv og kompetanse, og inneheld mål og strategiar for nyskaping, omstilling og verdiskaping på tvers av bransjar og sektorar.

Det handlar om å utvikle kompetanse på ulike arenaer og gjennom heile livet, ikkje berre i ung alder. Det handlar vidare om å ta betre i bruk den kompetansen som allereie finst, inkludere fleire i arbeidslivet og gjere det enklare å gå frå utdanning til jobb, eller frå ein jobb til ein annan.

For at næringslivet skal vere konkurransedyktig og berekraftig, må det sjåast i samanheng med tilgang på kompetanse, teknologi, energi og andre ressursar.

Utvikling av fornybar energi og framtidsretta næringar krev tilgang på eigna areal. Spørsmål om arealbruk, lokalisering og infrastruktur er behandla i Regional plan for areal og mobilitet, som også er ute på høyring

Seks mål

Planen har seks mål som speglar dei sentrale utfordringane i Vestland:

  1. Eit lågutsleppssamfunn med auka konkurransekraft og framtidsretta verdikjeder
  2. Sirkulær og sikker forvaltning av ressursane
  3. Kunnskapsbasert nyskaping tilpassa fortrinn og utfordringar i heile fylket
  4. Eit fleksibelt kompetansetilbod tilpassa behova til arbeidslivet
  5. Eit utdanningsløp som aukar fullføring og betrar kvalifisering
  6. Stabil og langvarig deltaking i arbeids- og samfunnsliv

Planen har eit perspektiv på 12 år. Han legg såleis grunnlaget for strategiske val som går over leire valperiodar. Det langsiktige perspektivet sikrar kontinuitet, og at det regionale utviklingsarbeidet er føreseieleg.

Det tilhøyrande handlingsprogrammet inneheld 20 strategiar og har eit 4-årsperspektiv. Det kan rullerast kvart år. Slik sikrar vi at handlingsprogrammet er fleksibelt og kan tilpassast endringar i samfunnet. Konkrete tiltak ligg ikkje inne i høyringa, men blir utarbeidde i løpet av og etter høyringsperioden.

Korleis gi innspel?

Høyringa går frå 1. september til 1. november 2026. Det betyr at siste frist for å kome med innspel til planen er 1. november.

Du sender innspela dine i eit digitalt skjema. Høyringsinnspela blir tekne med i arbeidet fram mot endeleg plan.

Alle innsende høyringsinnspel blir gjort offentleg tilgjengelege gjennom eInnsyn.

Informasjonsmøte 16. september

Vestland fylkeskommune arrangerer digitalt informasjonsmøte i samband med høyringa 16. september kl. 08.30–10.00

Kven kan kome med innspel?

Vi oppmodar kommunar, statlege organ, næringsliv, frivilligheit og alle som er interesserte i framtida til fylket vårt, om å kome med innspel til planen. Særleg ønskjer vi å høyre frå unge stemmer. 

Kva ønskjer vi dykkar syn på? 

Vi tek gjerne imot innspel til alle delar av planforslaget.

  • Peikar planen i rett retning?
  • Er dei føreslåtte grepa dei rette grepa?
  • Kva forventar de av fylkeskommunen som rettleiar og støttespelar?

Høyringsdokument