Høyring av planforslag
Planutkast med tilhøyrande handlingsprogram for regional plan for verdiskaping og kompetanse er ute på høyring fram til 1. november 2026.
Les meir og send innspela dine på denne sida.
Om planarbeidet
Planen skal legge eit grunnlag for at verdiskapings- og kompetansearbeidet bidreg til å oppnå måla i Utviklingsplan for Vestland. Planen skal vere ein strategisk reiskap for å møte framtidige utfordringar og moglegheiter i regionen. Vi skal sikre samordning og samarbeid i gjennomføring av statleg, fylkeskommunal og kommunal politikk på området i Vestland, og bidra til å mobilisere heile næringslivet til brei innsats for å nå felles mål.
Her er vi i prosessen
Vi har no laga eit utkast til regional plan og handlingsprogram, med utgangspunkt i både internt samarbeid i fylkeskommunen og ekstern medverknad og innspel frå andre. Planforslaget er på høyring og offentleg ettersyn frå 1. september til 1. november 2026.
Gjennom høyringsperioden held vi fleire møte for å orientere om planutkasta og hente inn innspel. Vi ønskjer ein open dialog som gjer planen betre, meir treffsikker og gjennomførbar.
To nye regionale planar
Vestland fylkeskommune arbeider no parallelt med to nye regionale planar: regional plan for verdiskaping og kompetanse og regional plan for areal og mobilitet. Les om arbeidet med regional plan for areal og mobilitet.
Oppdatert: 31. august 2026