Digitalt informasjonsmøte om nye regionale planar

Vestland fylkeskommune arrangerer digitalt informasjonsmøte i samband med høyringa av Regional plan for areal og mobilitet og Regional plan for verdiskaping og kompetanse.

Alle er velkomne å gi innspel til dei to nye regionale planane. Vi oppmodar kommunar, statlege organ, næringsliv, frivilligheit og alle som er interesserte i framtida til fylket vårt til å gje innspel. Vestland fylkeskommune er særleg opptekne av å involvere unge stemmer. 

Kva ønskjer vi dykkar syn på? 

Høyringa er open, og vi tek gjerne imot innspel til alle delar av planforslaget. Peikar planen i rett retning, er grepa som vert foreslått dei rette og kva forventar de av fylkeskommunen som rettleiar og støttespelar.

Spørsmål?

Dersom du lurer på noko om høyringa eller dei to nye regionale planane, ta kontakt med

  • prosjektleiar Kata Urban om Regional plan for verdiskaping og kompetanse
  • prosjektleiar Marianne Bugge om Regional plan for areal og mobilitet