Nyskapande aktivitetsanlegg: Fire nye prosjekt får finansiert arkitekthjelp
Prosjekta er i Kvinnherad, Kinn, Sogndal og Kvam.
Målet med prosjektet Nyskapande aktivitetsanlegg er å bygge anlegg som trengst i eit lokalmiljø. Anlegga skal løyse reelle behov og problemstillingar.
Ein del av prosessen er å nytte arkitektar for å få til tverrfaglege og kreative behovs- og medverknadsprosessar. Ulike brukargrupper, som barn og unge, eldre, lag og organisasjonar, skal kome til orde. Det er denne prosessen fire nye prosjekt no får støtte til frå Vestland fylkeskommune.
Positive ringverknadar
Hovudutval for kultur, idrett og inkludering vedtok i møtet 12. mai kva prosjekt som får finansiert arkitektkompetanse frå Vestland fylkeskommune i år.
– Alt vi gjer i sektoren vår handlar om å skape arenaer der ulike menneske rundt om i Vestland kan få moglegheit til å ta del i fellesskapen. I vifta vår av verkemiddel er nyskapande aktivitetsanlegg viktig. Det handlar om å skape enkle, lokale møtestadar med varierte og attraktive lågterskeltilbod for fysisk aktivitet – der dei gruppene som møtestadane er til for, har vore med på utforminga. Eg håpar dei gode resultata av ordninga motiverer kommunar og lokalsamfunn til å gjere meir av dette, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutvalet.
Desse får arkitekthjelp
Desse prosjekta får finansiert arkitektkompetanse av Vestland fylkeskommune i 2026:
- Busdalen idrettspark i Øystese i Kvam herad. Målet er å skape eit utandørs aktivitetsområde, der organisert idrett kan møte uorganisert leik og aktivitet.
- Eikefjord Arena i Eikefjord i Kinn kommune. Prosjektet handlar om å gjere eit eksisterande idrettsanlegg om til eit nyskapande, gratis og lågterskel aktivitetsområde, som kan blir eit samlingspunkt for alle aldersgrupper.
- Kvåle idretts- og aktivitetspark i Sogndal. Her handlar det om å vidareutvikle området til å bli ein inkluderande og framtidsretta møteplass for skule, idrett og eigenorganisert aktivitet.
- Husnes idrettspark i Kvinnherad kommune. Prosjektet skal utvikle eit heilskapleg aktivitetsområde, som kombinerer idrett, kultur, natur og sosiale møteplassar i eitt samla konsept.
Hovudutvalet bad også om å få ei sak om korleis prosjekta som har vore med i ordninga så langt, er realiserte, og korleis prosjektet har utvikla seg i høve intensjonen.
Grundig prosess
Det har vore ein grundig prosess før vedtaket i hovudutvalet. Søknadsfristen for å bli med i prosjektet var 15. november. Det kom då inn elleve søknadar, og åtte prosjekt vart valde ut. Desse har sidan då fått tilbod om oppfølging og rettleiing når det gjeld blant anna erfaringsutveksling, prosessrettleiing, vidareutvikling av kunnskapsgrunnlag og evaluering.
Alle prosjekta leverte inn utvida søknadar innan 15. april, og fire av dei får no altså finansiert arkitektkompetanse/prosesskompetanse frå fylkeskommunen. Dei lokale prosessane startar i juni, når det er avklart kva arkitektkontor som får oppdraga.
Kva anlegg som endar opp med å bli bygde, skal vere eit resultat av grundige prosessar, som inkluderer kunnskap og forsking, medverknad og berekraftige løysingar.
Med i forskingsprosjekt
Prosjektet Nyskapande aktivitetsanlegg er løfta som eit nasjonalt førebileteprosjekt, av blant andre Tverga, ressurssenteret for eigenorganisert aktivitet. Vestland fylkeskommune deltek også i forskingsprosjektet FaithInYou med prosjektet.
FaithInYou skal undersøke korleis anlegg for eigenorganisert aktivitet kan bidra til inkludering og sosiale fellesskap, spesielt for ungdom som er i risikosona for å falle utanfor.
Universitetet i Sørøst-Norge driv prosjektet, som er støtta med 12 millionar kroner frå Forskingsrådet.