Vestland inn i nasjonalt nettverk for berekraftige idrettsanlegg
Byggje nytt eller rehabilitere, universell utforming og tilrettelegging for alle, sosial berekraft og alternativ til kunstgras. Dette er noko av det eit nytt nasjonalt nettverk skal ta føre seg.
Saka oppsummert
Vestland fylkeskommune vedtok 17. juni å bli med i det nasjonale kompetansenettverket for berekraftige idretts- og aktivitetsanlegg, etablert av NTNU, SIAT og fleire fylkeskommunar. Målet med nettverket er å bidra til betre ressursbruk, tverrfagleg samarbeid og meir berekraftige anlegg som er betre tilpassa lokale behov. Vestland blir med i nettverket frå 2026.
Oppsummeringa er laga av KI-tenesta ChatGPT. Innhaldet er kvalitetssikra av kommunikasjonsseksjonen før publisering.
Fylkestinget vedtok 17. juni at Vestland fylkeskommune blir med i kompetansenettverket for berekraftige idrett- og aktivitetsanlegg.
Nettverket er etablert av Norges teknisk-naturvitenskaplige universitet (NTNU), Senter for idrettsanlegg og teknologi (SIAT) og fylkeskommunane. Andre relevante aktørar er også knytt til nettverket og vil vere ressursar inn i arbeidet, blant andre Tverga, Norsk friluftsliv og Funksjonshemmedes fellesorganisasjon. Vestland blir med frå 2026.
Byggjer samfunn
– Idretts- og aktivitetsanlegg er konstruksjonar som byggjer samfunn. Dei er heilt sentrale for å kunne drive fysisk aktivitet, og vi veit kor viktig fysisk aktivitet er for den enkelte si helse, folkehelsa, inkludering og veldig mykje anna. Det er viktig at vi byggjer dei rette anlegga, og dette nettverket skal hjelpe oss til det, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Det nye nettverket skal bidra til å nytte ressursane betre, og til tverrfagleg samarbeid både i og mellom fylka. Det byggjer blant anna på erfaringane frå forskingsprosjektet «Kunstgress 2021», som var eit samarbeid mellom fylkeskommunane og Norges fotballforbund.
Å byggje dei rette anlegga
Berekraft er sentralt i planlegging, bygging og drift av idretts- og aktivitetsanlegg. Målet er å løfte blikket og jobbe med berekraft i alle aspekt av anleggsutviklinga. Det handlar blant anna om å byggje dei rette anlegga, dei som treff behova i samfunnet. Og det handlar om å finne ut om vi skal byggje nytt eller rehabilitere eit eksisterande anlegg. I tillegg er det essensielt å ikkje byggje noko som skaper ubalanse, og som reduserer driftsgrunnlaget for anlegg som alt er bygde.
– Vi har jo også diskusjonen om kunstgras, og kva som kan erstatte gummigranulat når alt kunstgraset må rehabiliterast. Vi treng kunnskap og spisskompetanse, og vi må tenkje tverrfagleg. Difor er det viktig at vi deltek i dette nettverket. Vi har ei viktig rolle som regional utviklingsaktør og som rådgjevar for både kommunar, lag og organisasjonar, og ikkje minst i arbeidet med fordeling av spelemidlane, seier fylkesordføraren.
Sosial berekraft
Vestland fylkeskommune har sidan 2019 jobba med prosjektet Nyskapande aktivitetsanlegg. Her har fylkeskommunen saman med ei rekke kommunar jobba kunnskapsbasert i tidleg fase når nye anlegg blir planlagde. Det har vore søkjelys på brukarinvolvering og på å avdekka dei reelle behova i eit lokalsamfunn. Eit av måla med det nye nettverket er også å byggje betre behovsforankra og berekraftige anlegg i framtida.
– Sosial berekraft er ein viktig dimensjon. Der er stikkord låg terskel, integrering, medverknad, sosiale møteplassar og eit variert aktivitetstilbod. Mest mogleg bruk og deltaking gir størst bidrag til folkehelse, avsluttar fylkesordføraren.
Vestland er den nest siste av fylkeskommunane til å gå inn i det nye kompetansenettverket, som hadde si første samling i Trondheim tidlegare i juni.