Lyser ut til saman 1,4 millionar kroner i stipend innan kultur

Nytt av året er tre stipend for levande tradisjon, kvart på 50 000 kroner. Søknadsfristen for både dei og kunstnarstipenda er 1. juni.

Stort fotografi på betongvegg. Bildet syner ei brur, som står på ein atv, ein brudgom som står ved sidan, og ein gut på ein mindre atv i bakgrunnen.
STIPEND: Kunstnarstipenda skal gå til profesjonelle kunstnarar innan alle kunstuttrykk og sjangrar. Kunstnarane må bu og ha virket sitt i Vestland fylke. Ein av dei som fekk stipend i kategorien visuell kunst i fjor, var fotograf Oddleiv Apneseth, som blant anna er kjent for fotoprosjektet "Jølster 2008". (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Vestland fylkeskommune deler ut til saman 28 stipend, 25 kunstnarstipend og 3 stipend for levande tradisjon. Desse kjem i tillegg til nynorskstipendet på 150 000 kroner, som også har søknadsfrist 1. juni.  

Levande tradisjon 

Stipenda for levande tradisjon erstattar dei tidlegare folkemusikkstipenda og stipendet i levande tradisjonshandverk. Målet er å styrke og sikre arbeidet med immateriell og handlingsboren kulturarv knytt til vestnorsk byggeskikk og maritim kulturarv, og til vestnorsk folkemusikk, folkedans og folkesong.  

25 kunstnarstipend 

Dei 25 kunstnarstipenda skal gje skapande og utøvande kunstnarar høve til å utvikle seg kunstnarleg. Stipenda kan også gje rom for å eksperimentere med nye uttrykk, til dømes gjennom ein periode med fordjuping og/eller fagleg påfyll. Stipenda skal i tillegg gje merksemd til dei utvalde kunstnarskapa. 

Kunstnarar kan søkje stipend innan kategoriane visuell kunst, musikk, scenekunst inkludert dans og litteratur og film. 

Du finn meir informasjon om dei ulike søknadskategoriane og lenker til søknadsskjema her.  

Idrettsstipend  

Vestland fylkeskommune deler også ut utviklingsstipend for idrettsutøvarar, der eit er øyremerka parautøvar, og utviklingsstipend for e-sportsutøvarar. Desse har søknadsfrist 1. oktober.