Søk om 150 000 kroner i nynorskstipend
Nynorskstipendet til Vestland fylkeskommune kan gå til forfattarar, dramatikarar eller andre som formidlar nynorsk i tekst og på scene. Søknadsfristen er 1. juni.
Målet er å gjere nynorsk meir synleg som både språk og kulturberar. Utlysinga er nasjonal, men mottakaren må ha tilknyting til Vestland gjennom virket sitt.
– Som det største nynorskfylket og det leiande kulturfylket i landet, skal Vestland ta eit nasjonalt ansvar for nynorsk. Eit av våre mange tiltak for å styrke nynorsk som både kunstspråk og kvardagsspråk er dette stipendet, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Må søkje om stipendet
Nynorskstipendet vart delt ut for første gong i 2025. Då kunne alle nominere kandidatar, og det kom inn til saman 59 nominasjonar.
Dette er no gjort om, og i år må kunstnarar og andre sjølve søkje om å få stipendet. Forlag og andre institusjonar på kulturfeltet kan søkje på vegne av ein kandidat, men kandidaten må då samtykke til søknaden.
Fristen for å søkje på stipendet er 1. juni.
Stipend for å heidre Fosse
Forfattar Gunnhild Øyehaug fekk det første nynorskstipendet til Vestland fylkeskommune. Ho er ein av dei fremste skjønnlitterære forfattarane i landet og har sidan 1998 gitt ut ei rekke novellesamlingar, romanar og essaysamlingar.
Vestland fylkeskommune oppretta stipendet i 2025. Som heimfylket til Jon Fosse ønskte Vestland å heidre forfattaren og har valt å gjere det i form av dette stipendet.