Kven fortener Frivilligprisen Vestland 2026?

Nominer nokon som har utmerka seg med frivillig innsats til beste for medmenneska og vestlandssamfunnet.

Frivilligprisen 2025 vart delt ut av Jon Askeland og Jacob Nødseth til Cidi Nzita i Vestlandssalen.
FJORÅRETS PRISVINNAR: Frivilligprisen Vestland 2025 gjekk til Cidi Nzita frå Springbrett for ungdom i Bergen. No kan du vere med og bestemme kven som skal få årets pris! (Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune)

Frivilligprisen Vestland blir i år delt ut for femte gong. Prisen kan gå til ein person, ein organisasjon, ei gruppe eller ei foreining, og prispengane på 50 000 kr skal brukast innan frivilligfeltet.

Fristen for å nominere nokon er 1. september.

Skal inspirere og motivere

Den eller dei som får prisen bør vere rollemodellar, førebilde og til inspirasjon for andre. Prisen skal motivere, synleggjere og verdsetje den viktige frivilligheita. Prisen kan ikkje gå til ein offentleg aktør.

Prisen blir delt ut under frivilligkonferansen, som er del av Styrke i samspel-dagane i Bergen, laurdag 17. oktober.

Ein eigen jury med representantar frå samarbeidskomiteen for frivilligheit innstiller på vinnaren til prisen. I denne juryen møter representantar frå dei regionale frivillige paraply- og nettverksorganisasjonane.  

Tidlegare vinnarar

I fjor gjekk Frivilligprisen Vestland til Cidi Nzita frå Springbrett for ungdom i Bergen. Juryen trekte fram pågangsmotet hans og evna til å halde ut, og meinte dette gjorde han til eit førebilete som viser frivillig innsats langt utover det vanlege.

Året før var det Ida Kristine Sekkingstad som fekk prisen for arbeidet hennar for ROS – Rådgjeving om spiseforstyrrelser. I 2023 gjekk prisen til Thomas Frøyen for den store frivillige innsatsen han legg ned i Solund-samfunnet, medan den første frivilligprisen i 2022 gjekk til Turboklubbane i Bergen og Hordaland Turlag.

To vaksne og ein unge i DNT-vestar/-utstyr ved eit bål.
FRIVILLIG: Frivilligprisen Vestland vart delt ut for første gong i 2022 og gjekk då til turboklubbane i Bergen og Hordaland turlag. (Foto: Ingrid Opheim Grønfur)