Utlysing av innovasjonsavtalar 2027-2029
Sentrale innovasjonsaktørar i Vestland kan no søkje om innovasjonsavtale med Vestland fylkeskommune. Innovasjonsavtalar er den nye ordninga for samarbeidsavtalar. Dette er ei førebels utlysing.
Målet for ordninga er å styrke innovasjonsevna, konkurransekrafta og moglegheit for vekst hos små og mellomstore bedrifter i Vestland gjennom samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og sentrale innovasjonsaktørar i heile fylket. Dette er ei førebels utlysing.
Innovasjonsavtalane er eit verkemiddel for å skape betre samspel mellom offentlege ressursar og dei aktørane som driv innovasjonsarbeid på vegne av fellesskapet. Gjennom tettare samarbeid mellom fylkeskommunen og innovasjonsaktørane kan vi utnytte ressursar og kompetanse innan ein bransje eller tematisk område betre, unngå dobbeltarbeid og sikre at innsatsen frå fleire bidragsytarar trekkjer i same retning.
Førebels utlysing blei publisert 17. juni 2026, endeleg utlysingstekst blei publisert 30. juni 2026.
Kven kan søkje - og kven kan ikkje søkje?
Kven kan søkje?
Sentrale innovasjonsaktørar i heile fylket som arbeider mot bedrifter og har ei tydeleg rolle i innovasjonssystemet i Vestland.
Kven kan ikkje søkje?
Destinasjonsselskap, kommunar, kommunale næringsselskap, regionråd, studiesenter og innovasjonselskap som er operatør av næringshage- eller inkubatorprogram.
Føretak i vanskar etter EØS/EU-reglane kan heller ikkje søkje. Dei som får avtale kan ikkje betale utbytte frå selskapet.
Kva aktivitetar støttar vi?
Aktivitetar skal vere forankra i behov hos ei bredde av små og mellomstore bedrifter innan ei gitt næring eller i ein gitt geografi for å styrke bedriftene si konkurransekraft og innovasjonsevne.
Dette kan til dømes vere aktivitetar som:
- mobiliserer bedrifter til innovasjonsprosjekt
- utviklar møteplassar, nettverk og samarbeidsarenaer
- legg til rette for kunnskapsdeling og kompetanseutvikling
- koplar næringsliv til forskings‑ og utdanningsmiljø
- legg til rette for teknologiutvikling, digitalisering og sirkulære løysingar
- støttar opp om samfunnsberedskap - forsyningssikkerheit for mat og kritiske varer
- bidreg til samarbeid som styrker innovasjonssystemet i Vestland
Aktivitetane bør ha potensiale for overføringsverdi og læring slik at dei kan vere til inspirasjon for fleire aktørar i fylket.
Merk at de i søknad ikkje skal gje ei detaljert beskriving av enkeltaktivitetar som kvart møte eller arrangement de tenkjer å gjennomføre, men beskriving av hovudkategoriar av aktivitetar. Aktivitetar og tilhøyrande kostnadsplan blir konkretisert etter at hovudutvalet har fatta vedtak. Les rettleiinga til søknaden nøye når de skal legge aktivitetar.
Kva kan vi ikkje støtte?
Det blir ikkje gitt støtte til:
- kommunale næringsoppgåver/førstelinetenester
- aktivitetar som er dekka, eller passar betre i andre offentlege støtteordningar som tilskotsordningar til tidsavgrensa prosjekt
- støtte til drift utover det som er nødvendig for å utføre oppgåvene i avtalen
- aktivitetar som berre er retta mot eigne medlemmer
- lukka arrangement eller nettverk
- fysiske investeringar
- renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt
- kausjon eller anna økonomisk garanti
- aktivitetar retta mot enkeltbedrifter eller eit avgrensa tal enkelt bedrifter
- bedriftsretta støtte, i det ligg det at det ikkje blir gjeve støtte verken til å etablere, drive, gjere investeringar i, eller utvikle ei bedrift
- Fasilitatoroppgåver og aktivitetar knytt til konkrete sirkulære hubbar i Grøn region Vestland
- Aktivitetar knytt til Invest in-programma
Krav til finansiering frå avtalepart
Fylkeskommunen kan maksimalt finansiere 50% av aktivitetane i avtalen. Eigenfinansiering kan vere eige arbeid eller pengar.
Timesats for eige arbeid er inntil 1 promille av nominell/brutto årsløn, maksimalt kr 1500 per time, totalt inntil 1850 timar per år. Sjå rettleiing og retningslinjer i Føring av personalkostnader og eigenfinansiering i tilskotsordningar . Reglane gjeld både for løns- og personalkostnadar i kostnadsplanen, og for eigenfinansiering i form av eigeninnsats i arbeidstid.
Statsstøtteregelverket kan sette grenser for kva aktivitetar som kan bli finansiert gjennom denne ordninga.
Vurderingskriterium
Søknadene blir vurdert etter i kor stor grad søkjar treff på punkta under:
Gjennomføringsevne
- har tilstrekkeleg kompetanse, kapasitet og gjennomføringsevne
- arbeider aktivt for innovasjon, vekst, omstilling og konkurransekraft
- kan dokumentere erfaring og resultat
- har aktivitet i heile fylket eller i delar av fylket (minimum to kommunar, fortrinnsvis fleire)
Bidrag til innovasjon, konkurransekraft og vekst
- har potensiale til å identifisere og dokumentere utfordringar knytt til å styrke innovasjonsevna, konkurransekrafta og moglegheit for vekst i ein bransje eller i ein geografi
- har potensiale til å bidra til innovasjon, omstilling og konkurransekraft ein region, bransje eller tematisk område
Samspel og rolle i innovasjonssystemet
- kva rolle aktøren har i ein region, bransje eller tematisk område
- samarbeid med andre relevante innovasjonsaktørar
- komplementaritet og ikkje overlapp i rollene ein region, bransje eller tematisk område
Heilskapleg aktørbilde
I prioritering mellom aktørar med god vurdering på kriteria over, kan det bli lagt vekt på fordeling innan ulike tematiske og geografiske område i fylket. Aktørar kan verte prioritert framfor andre for å oppnå eit heilskapleg aktørbilde i Vestland. Denne ordninga blir sett i samanheng med ordninga ‘Innovasjonsavtalar for operatørar av næringshage- og inkubatorprogram’
Tilskotssummar og økonomi i ordninga
Årleg sum blir fastsett ut frå korleis aktøren treff på vurderingskriteria i denne ordninga. Det blir same sum årleg i heile avtaleperioden 2027-2029. Det vil vere atterhald om vedtak av årleg fylkesbudsjett. Avtalen blir følgt opp gjennom årlege tilsegnsbrev.
Avtalesum per år vil vere mellom 100 000 kr. til 800 000 kr. Tabellen under vil vere førande for innplassering på tilskotsnivå.
|
Tilskot per år |
Aktøren si rolle i innovasjonssystemet |
|
800 000 - 500 000 kr |
Aktøren har ei leiande rolle i innovasjonssystemet. Leverer tenester som er relevante for mange bedrifter på tvers av bransjar som bidreg til vekst, omstilling og styrkt konkurransekraft. Stort geografisk nedslagsfelt, helst fylkesdekkande. |
|
500 000 - 300 000 kr |
Aktøren har ei tydeleg rolle i delar av innovasjonssystemet. Har stor betydning for utvikling og kvalitet innan sin bransje eller tematiske område. Regional rekkevidde – større delar av fylket. |
|
300 000 - 100 000 kr |
Aktøren har ei lokal eller regionalt forankra rolle i delar av innovasjonssystemet (t.d. fag-, tema- eller bransjeområde). Har eit meir avgrensa geografisk eller tematisk nedslagsfelt. |
Ordninga er per no lyst ut med ei samla økonomisk ramme på 10 millionar kroner.
Statsstøtte
Søknadane vert handsama i samsvar med EØS-avtalen sine reglar om offentleg støtte (statsstøtte). Ordninga er lagt opp slik at vi i størst mogleg grad skal støtte aktivitetar som er rekna som ikkje økonomisk støtte – det vil seie aktivitetar utan kommersielt føremål som fell utanom statsstøtteomgrepet. Dette er aktivitetar retta mot ei større samfunnsnytte, og ikkje gjev økonomisk gevinst for mottakar eller eit avgrensa tal bedrifter. Aktivitetane skal vere opne og tilgjengelege.
For dei tilfella at aktivitetane vert omfatta av statsstøtteregelverket, tek vi atterhald om at det kan vere aktivitetar vi ikkje kan støtte grunna avgrensingar i statsstøttereglane, eller at støtte kan bli gitt som bagatellstøtte. Ei vurdering av statsstøtte vil bli gjort i samband med utforming av avtale og årlege tilskotsbrev. Det er ein føresetnad at søkjar følgjer reglane i denne ordninga, mellom anna at aktivitetane skal vere opne og tilgjengelege og at det vert ført separate rekneskap for aktivitetane i avtalen.
Korleis vert søknaden behandla?
Søknadane må vere innanfor krava i ordninga. Søknader som ikkje oppfyller krava vil kunne bli avslått administrativt.
Søknadane blir vurdert ut frå kor godt dei treff på vurderingskriteria i ordninga.
Hovudutval for næring vil gjere vedtak om kven som får innovasjonsavtale. Vedtaket er planlagt til 13. oktober. Avtalen blir konkretisert i dialog med avtalepart etter politisk vedtak.
Kva er forventa av avtalepart?
Tilskotsmottakarar skal rapportere årleg på aktivitetar og resultat. Det skal førast separat rekneskap for aktivitetane i avtalen.
Det er forventa deltaking på dialogmøte med fylkeskommunen og felles samlingar. Det er også forventa at avtaleparten deler erfaringene sine med andre.
Avtalepartnarar skal synleggjere korleis midla blir nytta og kva aktivitet som blir gjennomført for midla. Alle avtalepartnarar skal minimum rapportere på kompetanse og nettverksaktivitet, kopling mellom aktørar, og korleis avtalepartane har bidrege til å auka innovasjonsevna, konkurransekrafta og vekst hjå bedriftene dei arbeider mot. Kvar avtale vil ha fleire resultatmål. Desse vil bli utarbeid i samtale med avtalepart.
Definisjonar
Innovasjon er ikkje berre ein god ide eller oppfinning, men noko «nytt, nyttig og nyttiggjort». Det handlar om å skape noko nytt, som gir løysingar på store eller små utfordringar og som blir tatt i bruk. Det handlar både om det radikale nye og små forbetringar som gjer at produkt og tenester
skapar verdiar for ei verksemd.
Ein innovasjonsaktør er ein organisasjon, verksemd eller institusjon som legg til rette for utvikling, spreiing eller bruk av ny kunnskap, teknologi eller løysingar og som bidreg til samspel, kapasitet og innovasjon utover eigen organisasjon. lnnovasjonsprosessar skjer ulikt i urbane og rurale område
det er ulike relasjonar og behov for ulike typar aktørar.
Innovasjonssystemet omfattar innovasjonsaktørar, ressursar og verkemiddel. Ressursar og verkemiddel kan vere tilgang på forsking, kompetanse, kapital og test- og utviklingsarenaer som bidreg til å redusere risiko, korte ned tida frå ide til marknad.
Spørsmål og svar om utlysinga
Her vil vi fortløpande legge ut svar på spørsmål som vil gjelde fleire søkjarar.