Utlysing av innovasjonsavtalar for operatørar av næringshage- og inkubatorprogram

Operatørar av næringshage- og inkubatorprogram i Vestland kan no søkje om innovasjonsavtale med Vestland fylkeskommune. Innovasjonsavtalar er den nye ordninga for samarbeidsavtalar. Dette er ei førebels utlysing.

Målet med ordninga er å styrkje gründerskap, nyetableringar og små og mellomstore bedrifter i Vestland si evne til innovasjon, vekst og omstilling, ved å styrke sentrale aktørar i det regionale innovasjonssystemet. 

Innovasjonsavtalane er eit verkemiddel for å skape betre samspel mellom offentlege ressursar og dei aktørane som driv innovasjonsarbeid på vegne av fellesskapet. Gjennom tettare samarbeid mellom fylkeskommunen og innovasjonsaktørane kan vi utnytte ressursar og  kompetanse betre, unngå dobbeltarbeid og sikre at innsatsen frå fleire bidragsytarar trekkjer i same retning.

Gjennom opptak til inkubasjons- og næringshageprogrammet har aktørane ei sentral rolle i innovasjonssystemet. Ordninga med innovasjonsavtalar skal støtte selskapa og bidra til å styrke deira rolle som regionale utviklingsaktørar.

Førebels utlysing blei publisert 17. juni 2026, endeleg utlysingstekst blei publisert 30. juni 2026. 

Innovasjonsselskap som er operatør for næringshageprogram eller inkubasjonsprogram i Vestland.  Ordninga gjeld berre selskap som er tatt opp i nasjonale program. 

Ordninga skal styrkje gründerskap, nyetableringar og små og mellomstore bedrifter i Vestland si evne til innovasjon, vekst og omstilling, ved å styrke sentrale aktørar i det regionale innovasjonssystemet. Aktivitetane skal dekke same geografi som innovasjonsselskapa har i program.

Dette kan til dømes vere aktivitetar som

  • samarbeide med førstelinja i kommunane i Vestland
  • bidreg til at gründerar i Vestland får ei effektiv og god gründerreise
  • utvikle møteplassar, nettverk og samarbeidsarenaer
  • bidreg til bygge relevante nettverk
  • legg til rette for kunnskapsdeling og kompetanseutvikling
  • koplar til forskings‑ og utdanningsmiljø
  • bidreg til utvikling av nye verdikjeder eller forretningsmodellar
  • legg til rette for teknologiutvikling, digitalisering og sirkulære løysingar
  • støttar opp om samfunnsberedskap - forsyningssikkerheit for mat og kritiske varer
  • bidreg til samarbeid som styrker innovasjonssystemet i Vestland

Merk at de i søknad ikkje skal gje ei detaljert beskriving av enkeltaktivitetar som kvart møte eller arrangement de tenkjer å gjennomføre, men beskriving av hovudkategoriar av aktivitetar.  Aktivitetar og tilhøyrande kostnadsplan  blir konkretisert etter at hovudutvalet har fatta vedtak. Les rettleiinga til søknaden nøye når de skal legge aktivitetar.

Det blir ikkje gitt støtte til:

  • aktivitetar som blir dekka gjennom finansiering av næringshageprogram eller inkubasjonsprogram
  • kommunale næringsoppgåver/førstelinetenester
  • aktivitetar som er dekka, eller passar betre i andre offentlege støtteordningar som tilskotsordningar til tidsavgrensa prosjekt 
  • støtte til drift utover det som er nødvendig for å utføre oppgåvene i avtalen
  • lukka arrangement eller nettverk
  • fysiske investeringar
  • renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt
  • kausjon eller anna økonomisk garanti
  • aktivitetar retta mot enkeltbedrifter eller eit avgrensa tal enkeltbedrifter
  • bedriftsretta støtte, i det ligg det at det ikkje blir gjeve støtte verken til å etablere, drive, gjere investeringar i, eller utvikle ei bedrift
  • Fasilitatoroppgåver og aktivitetar knytt til konkrete sirkulære hubbar i Grøn region Vestland 
  • Aktivitetar knytt til Invest in-programma

Fylkeskommunen kan maksimalt finansiere 50% av aktivitetane i avtalen. Eigenfinansiering kan vere eige arbeid eller pengar. 

Timesats for eige arbeid er inntil 1 promille av nominell/brutto årsløn, maksimalt kr 1500 per time, totalt inntil 1850 timar per år.  Sjå rettleiing og retningslinjer i  Føring av personalkostnader og eigenfinansiering i tilskotsordningar .

Statsstøtteregelverket kan sette grenser for kva aktivitetar som kan bli finansiert gjennom denne ordninga.

Søknadene blir vurdert etter i kor stor grad søkjar treff på punkta under.  

Gjennomføringsevne  

  • har tilstrekkeleg kompetanse, kapasitet og gjennomføringsevne 
  • arbeider aktivt for innovasjon, vekst, omstilling og konkurransekraft 
  • kan dokumentere erfaring og resultat 

Bidragtilinnovasjon, konkurransekraft og vekst  

  • har potensiale til å identifisere og dokumentere utfordringar knytt til å styrke innovasjonsevna, konkurransekrafta og moglegheit for vekst for i ein bransje eller i ein geografi 
  • har potensiale til å bidra til innovasjon, omstilling og konkurransekraft ein region, bransje eller tematisk område 

Samspel og rolle i innovasjonssystemet  

  • kva rolle har aktøren i ein region, bransje eller tematisk område 
  • samarbeid med andre relevante innovasjonsaktørar 
  • komplementaritet og ikkje overlapp i rollene ein region, bransje eller tematisk område 
  • korleis bidreg aktøren til å utvikle førstelinjetenestetilbode i Vestland
  • korleis bidreg aktøren til regional utvikling

Ordninga er per no lyst ut med ei økonomisk ramme på 7 millionar kroner. 
 
Årleg sum per avtale skal maksimalt vere 1 000 000 kr.  Dei fleste avtalane vil ha ein lågare sum enn dette. 

Søknadane vert handsama i samsvar med EØS-avtalen sine reglar om offentleg støtte (statsstøtte). Ordninga er lagt opp slik at vi i størst mogleg grad skal støtte aktivitetar som er rekna som ikkje økonomisk støtte – det vil seie aktivitetar utan kommersielt føremål som fell utanom statsstøtteomgrepet. Dette er aktivitetar retta mot ei større samfunnsnytte, og ikkje gjev økonomisk gevinst for mottakar eller eit avgrensa tal bedrifter.  Aktivitetane skal vere opne og tilgjengelege.

For dei tilfella at aktivitetane vert omfatta av statsstøtteregelverket, tek vi atterhald om at det kan vere aktivitetar vi ikkje kan støtte grunna avgrensingar i statsstøttereglane, eller at støtte kan bli gitt som bagatellstøtte. Ei vurdering av statsstøtte vil bli gjort i samband med utforming av avtale og årlege tilskotsbrev. Det er ein føresetnad at søkjar følgjer reglane i denne ordninga, mellom anna at aktivitetane skal vere opne og tilgjengelege og at det vert ført separate rekneskap for aktivitetane i avtalen. 

Søknadane må vere innanfor krava i ordninga. Søknader som ikkje oppfyller krava vil kunne bli avslått administrativt.

Søknadane blir vurdert ut frå kor godt dei treff på vurderingskriteria i ordninga. 

Hovudutval for næring vil gjere vedtak om kven som får innovasjonsavtale. Vedtaket er planlagt til 13. oktober. Avtalen blir konkretisert i dialog med avtalepart etter politisk vedtak. 

Tilskotsmottakarar skal rapportere årleg på aktivitetar og resultat. Det skal førast separat rekneskap for aktivitetane i avtalen. 

Det er forventa deltaking på dialogmøte med fylkeskommunen og felles samlingar. Det er også forventa at avtaleparten deler erfaringene sine med andre.

Avtalepartnarar skal synleggjere korleis midla blir nytta og kva aktivitet som blir gjennomført for midla. Alle avtalepartnarar skal minimum rapportere på kompetanse og nettverksaktivitet, kopling mellom aktørar,  og korleis avtalepartane har bidrege til å auka innovasjonsevna, konkurransekrafta og vekst hjå bedriftene dei arbeider mot. Kvar avtale vil ha fleire resultatmål. Desse vil bli utarbeid  i samtale med avtalepart. 

Innovasjon er ikkje berre ein god ide eller oppfinning, men noko «nytt, nyttig og nyttiggjort». Det handlar om å skape noko nytt, som gir løysingar på store eller små utfordringar og som blir tatt i bruk. Det handlar både om det radikale nye og små forbetringar som gjer at produkt og tenester
skapar verdiar for ei verksemd.

Ein innovasjonsaktør er ein organisasjon, verksemd eller institusjon som legg til rette for utvikling, spreiing eller bruk av ny kunnskap, teknologi eller løysingar og som bidreg til samspel, kapasitet og innovasjon utover eigen organisasjon. lnnovasjonsprosessar skjer ulikt i urbane og rurale område
det er ulike relasjonar og behov for ulike typar aktørar.

Innovasjonssystemet omfattar innovasjonsaktørar, ressursar og verkemiddel. Ressursar og verkemiddel kan vere tilgang på forsking, kompetanse, kapital og test- og utviklingsarenaer som bidreg til å redusere risiko, korte ned tida frå ide til marknad.

Her vil vi fortløpande legge ut svar på spørsmål som vil gjelde fleire søkjarar.