Næringsutvikling i landbruket – tilskot til inspirasjonssamlingar
Kommunar og selskap som jobbar med næringsutvikling i landbruket på oppdrag frå kommunar, kan søkje om tilskot til inspirasjonssamlingar for å motivere bønder til å utvikle drifta på gardane. Utlysinga er gjort med atterhald om vedtak i hovudutval for næring 10. mars.
Samlingane kan til dømes bidra til å:
- gje ei breiare innsikt i kva som kan vere næringsdrift på eit gardsbruk
- skape inspirasjon gjennom å syne fram det andre har fått til
- sjå nye potensial for næringsdrift på eigen gard
- gje innsikt i økonomiske støtteordningar og kor ein kan få hjelp til å utvikle eigne idear
Samlingane kan vere store eller små enkeltmøte, eller møteseriar som går over tid. Det er viktig å ha ein plan for korleis ein under og etter eit møte, kan få oversikt over kven som treng oppfølging og syne dei vidare til rett hjelp.
Søknaden må innehalde beskriving av møte som er planlagt, og føremålet. Søknaden må også innehalde ei beskriving av korleis kommunen planlegg å følgje opp etter møte.
Faglaga lokalt er viktig å ha med som samarbeidspart, både for å planlegge møte og for å gjennomføre dei. For større samlingar kan det vere lurt å samarbeide på tvers av kommunegrensene, men samarbeid mellom fleire kommunar, kan vere både fruktbart og effektivt uansett.
Ved tildeling vil vi legge vekt på:
- samarbeid, og at relevante partnarar blir kopla på i aktiviteten.
- at kommunen klarer å sette aktiviteten inn i ein samanheng og har ein plan for oppfølging av deltakarane vidare
- at vi får ei geografisk spreiing av aktivitetar i heile fylket
Ei viktig utfordring i landbruket dei komande 10 åra, er kravet om at storfe skal vere i lausdrift frå 2034. Bøndene har god tilgang til informasjon og hjelp i prosessen med å vurdere korleis dei skal møte dette kravet. Prosjekt som har fokus på å legge om frå bås til lausdrift er difor ikkje ein del av denne utlysinga.
Tentativ ramme for utlysinga er på 800 000 kroner i 2026. Søknadane vil bli handsama etter kvart som dei kjem inn.
Tilskot det kan søkjast om, er ein del av fylkeskommunen si ramme knytt til Regionale tilretteleggingstiltak i landbruket. Denne utlysinga kjem i tillegg til ordinær utlysing. Utlysinga er ei oppfølging av denne hovudprioriteringa i årsplanen 2026, Temaplan landbruk: Vi skal saman med kommunane syne moglegheiter for å utvikle garden, og gje bøndene grunnlag til å ta val tufta på kunnskap. Det skal vi gjere ved å legge til rette for kunnskapsdeling og samhandling mellom kommunar, faglag og verkemiddelaktørar.
Kven kan søkje?
Kommunar kan søkje.
Næringsutviklingsselskap kan søkje på vegne av kommunar. Dette føreset at det er avtalt med kommunen.
Kva kan vi støtte? Og kva kan vi ikkje støtte?
Vi kan støtte:
- Kostnader til førebuing og gjennomføring av små og store inspirasjonssamlingar. Tema på samlingane skal vere næringsmoglegheiter på gardane.
Vi støttar ikkje:
- Generelle samlingar med fagleg oppdatering om spesifikke tema.
- Samlingar med forvaltning som tema.
- Støtte eller rådgjeving som berre kjem ei enkeltbedrift/ eit enkeltbruk til gode.
- Innkjøp av utstyr
- Aktivitet som er gjennomført før tilskot blir gitt
- Aktivitetar som har fokus på å legge om frå bås til lausdrift
Finansiering av aktiviteten
- Maksimal støttesats frå fylkeskommunen er 75% av godkjent kostnadsoverslag for aktiviteten/prosjektet. Resterande 25% kan ikkje kome frå fylkeskommune eller staten.
- Anna finansiering i prosjektet kan vere midlar frå søkjar eller samarbeidspartar. Eller eigeninnsats i form av timar. Eigeninnsatsen på følgje godkjente satsar. Vi forventar at det blir tatt deltakarbetaling der det er naturleg.
- Det skal spesifiserast kva organisasjon som bidrar med eigeninnsats.
- Aktiviteten/prosjektet kan ikkje få støtte frå fleire fylkeskommunale finansieringskjelder.
- Midlane skal tildelast i tråd med regelverket for offentleg støtte, jf. EØS-avtalen artikkel 61(1). Dette vil kunne avgrense støttegrad og tildeling.
Reglar for føring av personalkostnadar og eigeninnsats
Reglane gjeld både for løns- og personalkostnadar i kostnadsplanen, og for eigenfinansiering i form av eigeninnsats i arbeidstid.
-
Godkjent timesats er inntil 1,0 promille av nominell/brutto årsløn, men avgrensa til kr 1500 per time. Det vert godkjent inntil 1 850 timar per år. Tal timar og timesats skal vere spesifisert både i søknad og ved levering av rapport.
- Alle timar som inngår i eit prosjekt skal vere rapportert som løn.
- Nominell/brutto årsløn er regnskapsført årsløn før skattetrekk. Timesatsen inkluderer både løn og andre personalkostnader for den tilsette. Dømer på andre personalkostnader er arbeidsgjevaravgift, feriepengar, kontorkostnader, IKT-kostnader, forsikringar, pensjonskostnader og liknande. Disse kostnadene kan ikkje bli ført opp i prosjektrekneskapen i tillegg til timekostnader.
-
Timar som lønskostnader/personalkostnader i kostnadsplanen: Det kan berre førast timar for personar som jobbar med å gjennomføre aktivitetane i prosjektet, enten eigne tilsette eller tilsette frå prosjektpartnarane. Timar frå andre enn eigne tilsette eller tilsette frå prosjektpartnarane kan ikkje førast som kostnad, t.d. deltakarar på møte eller kurs. Kjøp av tenester frå eksterne aktørar kjem i tillegg.
- Timar som eigenfinansiering i form av eigeninnsats:
Eigeninnsats inkluderer dokumenterbar arbeidsinnsats frå søkjarorganisasjonen og prosjektpartnarar. Timar frå deltakarar på kurs og personar i målgrupper er ikkje rekna som eigeninnsats. Deltakaravgifter og kursavgift kan gå inn som inntekt (ikkje eigeninnsats).
Søknadar skal innehalde
- Ein omtale av tiltaket det blir søkt om støtte til, inkludert målsettingar for tiltaket
- Plan for gjennomføring, medrekna aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar
- Forventa resultat, inkludert planlagt tal deltakarar og målgruppe i prosjekt/aktivitet
- Plan for korleis deltakarane skal bli følgt opp etter samlingane
- Budsjett for prosjektet/tiltaket, inkludert finansieringsplan. Budsjettet må vere i samsvar med planlagde aktivitetar
- Andre relevante opplysningar søkjar meiner er viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert i kunngjeringa
Økonomiske rammer for ordninga
Tentativt 800 000 kr.