Kunstverket Med vind på Åsane vidaregåande skule.

Fugleperspektiv, Med vind og Forbindelser

Kunstnar Elly Prestegård har laga tre kunstverk til Åsane vidaregåande skule, alle i handlaga washi/japansk papir i kombinasjon med trykk.

Tittel
Fugleperspektiv, Med vind og Forbindelser
Kunstnar
Elly Prestegård
Stad
Åsane vidaregåande skule
Materiale
Arbeid i handlaga washi/japansk papir i kombinasjon med trykk
Årstal
2020

Alle tre kunstverka heng i ein korridor i 4. etasje. Ho "målar" med farga fibermasse i vatn, som blir lagt opp på store plater for lufttørking, slik at ein held på teksturen i overflata. Materiala, fibrane og vatnet, har ein eigen logikk i prosessen. Hovudstrukturen blir planlagd, så spelar ein på lag med det uføresette.

Med vind

I den blå gangen heng Med vind. Tynne, lausrivne flak av papir flyt bortover den blå veggflata, som om vinden har tatt dei. Enkelte trykk viser fragment av natur, eller historier som byrja ein heilt annan stad. To andre veggar har store felt med fibermåleri.

Fugleperspektiv

Dette er eit tredelt arbeid ved heisen. 

Forbindelser

Kunstverket er laga av mange rektangulære papirflak monterte opp som i eit stort format, nesten som eit tapet, på ein fondvegg. Om du går tett innpå arbeida, ser du dei fine detaljene som oppstår i overflata.

Alle foto: Pål Hoff