Kunst i offentlege rom

Vestland fylkeskommune satsar på kunstprosjekt i fylkeskommunale bygg og i opne rom. Slik vil vi gi mange høve til å oppleve kunst der dei ferdast i kvardagen.

Fylkeskommunen set av midlar til kunstnarlege føremål ved nye bygg og større ombyggingar. På denne måten har dei fleste nyare vidaregåande skulane store kunstverk og kunstprosjekt. Som utbyggar av Bybanen i Bergen har fylkeskommunen ansvar for bybanekunstprosjektet, som gjer at mange får oppleve kunst i kvardagen.

Kunst som tar plass i dei felles uteromma våre er vårt felleseige. Det er difor viktig å nytte kunstfagleg kompetanse, og legge til rette for medverknad frå publikum når vi jobbar med kunst i offentlege rom.

Arbeidet med kunst i offentlege rom er ei demokratisk form for kunstformidling som opnar for møte med kunsten i dagleglivet til mange fleire enn dei som aktivt oppsøker kunst, og det gjev arbeid til enkeltkunstnarar. Kunsten kan styrke dei fysiske og visuelle kvalitetane ved by- og tettstadutvikling og gje menneska der rikare liv og nye perspektiv.

Fleire kommunar har planar eller strategiar for kunst i offentlege rom. Kommunane kan satse på kunst i offentlege rom ved å

  • utarbeide ein strategi for arbeidet med kunst i offentlege rom
  • avsette ved vedtak ein fast prosentsum (0,5–2 prosent) av kommunen sitt investeringsbudsjett til kunst i offentlege rom (eller i arealplanbudsjett, ved nybygg eller rehabilitering av bygg)
  • utarbeide og vedta tydelege retningslinjer for arbeidet med kunst i offentlege rom
  • etablere formelle samarbeid mellom dei aktuelle etatane i kommunen
  • sikre profesjonell kunstfagleg kompetanse i arbeidet med kunst i offentlege rom

Last ned skriv sendt til kommunane i november 2019 som gjeld arbeid med kunst i offentlege rom.