Fylkesting for ungdom 2026

Årets fylkesting for ungdom blir på Scandic Flesland Bergen frå laurdag 14. til måndag 16. mars.

Fylkesting for ungdom er ein konferanse for ungdom i Vestland som er mellom 13 og 19 år. Det blir arrangert ein gong i året.

Kven er det for?

Kvar kommune i Vestland, uavhengig av folketal, kan sende to delegatar til fylkesting for ungdom. Desse skal veljast frå dei kommunale ungdomsråda. Delegatar stiller med tale-, forslags- og røysterett.

Om kommunane ynskjer å sende fleire representantar, er det plass til totalt ti observatørar. Desse stiller med talerett, men utan forslags -og røysterett. Her er det snakk om å vere først ute til å melde ønske om plassar. Kvar kommune får prioritert ein observatør fram til observatørplassane er fylt opp. Dersom det er ledige plassar ved påmeldingsfristen, kan kommunar få fleire observatørplassar.  

Val til Vestland ungdomsutval

På fylkesting for ungdom er det mogleg å stille til val til Vestland ungdomsutval. Nedre aldersgrense er 13 år og øvre aldersgrense er fram til fylte 19 år. Berre delegatar kan stille til val. 

Praktisk informasjon

Fylkesting for ungdom 2025 blir på Scandic Flesland Bergen 14.–16. mars. Vi startar kl. 16 laurdag og avsluttar kl. 15 måndag. Sakspapir med program blir sendt ut om lag to veker før. 

Det blir ein eigenandel på 3200 kr per deltakar, som dekker alt utanom reise. Avmelding etter fristen vert fakturert fullt ut. 

Det blir lagt opp til dobbel- og trippelrom. Det er mogleg å kome med romønske, og vi vil tilpasse dette så langt det er mogleg. Ved behov for enkeltrom må kommunen sjølv dekke dette. 

Samtykke

Kvar kommune er ansvarleg for at delegatane deira har nødvendig samtykke til å delta på arrangementet.

Vi gjer merksam på at protokollen frå fylkesting for ungdom blir publisert på nettsida til fylkeskommunen i etterkant av arrangementet. Der vil namna på deltakarane vere synlege.

Vi gjer vidare merksam på at det kan bli teke bilete under arrangementet.