Fullsett folkemøte i Kvammen

Over 70 personar møtte fram på informasjonsmøte i Allaktivitetshuset på Høgda. Innbyggjarane hadde fleire spørsmål til anleggsdrifta, og var utolmodige etter å komme i gang med tunneldrivinga.

På møteagendaen stod gjennomgang av reguleringsplanen for prosjektet, trafikkavvikling, HMS, ytre miljø, grunnerverv og prosessen fram til godkjenning av ferdig tunnel.

Vil koste vel ein milliard

Prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Vestland fylkeskommune gjekk igjennom framdriftsplanen og økonomien i prosjektet.

Tunnelen på fv. 609 mellom Hestvika og Heilevang har eit budsjett på vel ein milliard, nærare bestemt 1 077 000 000 kroner.

– Prosjektet har vore igjennom ekstern kvalitetssikring av kostnadsoverslaget, men utfordringa er løns- og prisveksten som har galoppert det siste året, noko som gjer det vanskeleg å anslå kor vi endar opp, seier Huseklepp.

PROSJEKTLEIAR: Jon Harald Huseklepp(t.h.) i Vestland fylkeskommune skal leie prosjektet fram til ny tunnel står ferdig i 2027. Med seg til Kvammen hadde han Are Sjåstad Bødal, byggeleiar elektro, og fagfolk på reguleringsplan, arbeidsvarsling, HMS, ytre miljø og grunnerverv.
PROSJEKTLEIAR: Jon Harald Huseklepp(t.h.) i Vestland fylkeskommune skal leie prosjektet fram til ny tunnel står ferdig i 2027. Med seg til Kvammen hadde han Are Sjåstad Bødal, byggeleiar elektro, og fagfolk på reguleringsplan, arbeidsvarsling, HMS, ytre miljø og grunnerverv.

Det neste året kjem til å gå med til utarbeiding av konkurransegrunnlag, grunnlaget som entreprenørane skal bygge sine tilbod på. I andre kvartal i 2023 startar utlysingsprosessen.

– Prosjektet skal lysast ut som ei totalentreprise, som betyr at entreprenøren som får oppdraget skal prosjektere, altså detaljplanlegge løysingane, parallelt med anleggsarbeidet. Når vi har gjennomslag ein gong i 2025 er berre ein tredjedel av prosjektet ferdig, då står det framleis att mykje arbeid; alt innhald i tunnelen, linjeføring, vass- og frostsikring og eit komplisert teknisk system.

– Sjå moglegheitene for bygda

Når anleggsarbeidet startar i 2024 vil det bli mykje aktivitet i området rundt Hestvika, Heilevang og Kvammen.

– Tunnelbygging og vegarbeid vil krevje 40-60 personar i arbeid på anlegget. Det blir mykje liv og røre, og jobbing til alle døgnets tider, sa prosjektleiaren, og oppmoda bygda til å sjå moglegheitene i å tilby tenester til entreprenørfirmaet som får oppdraget.

– Vi har sett kva ringverknader slike veganlegg har på mindre plassar. Kan de tilby mat og overnatting? Kanskje leige ut samfunnshuset?

Etter planen skal tunnelen stå ferdig i første halvdel av 2027, men dette er avhengig av at alle nødvendige godkjenningar kjem på plass frå høgste hold, Vegdirektoratet.

– Vi er litt utolmodige, vi skal køyre på denne vegen til 2027, og den blir ikkje tryggare. Vi håpar de kan gjere det de kan for å få fortgang i bygginga, sa Kurt Hafstad, leiar i arbeidsgruppa som i ti år har kjempa for å sikre vegen langs Førdefjorden.

– Vi vil prøve å få den opna før vinteren, men vi vil ha ein trygg og god tunnel. Skal vi få ei god kontrakt må vi la tankane gå føre arbeidet. Dersom vi ikkje stiller krav til entreprenør vil vi få eit minimumsprodukt, det kan bety auka kostnader på vedlikehald og kortere levetid. Tida vi brukar i forhold til pengane vi skal omsette er ikkje så lenge. Når oppdraget skal lysast ut i eit konkurransegrunnlag, må vi følgje lov om off. anskaffelse. Vi vil ha fleire tildelingskriterie, vi vil ha ein entreprenør som kan handtere alle delane av prosjektet, i tillegg til å vere best på pris, var svaret frå prosjektleiaren.

Publisert 30. mars 2023