Oppstart av planarbeidet og innspel
Planarbeidet startar opp i august 2026, og innbyggjarar og andre interessentar er inviterte til å komme med innspel, tankar og idear knytt til planprosjektet. Her er det også mogleg å teikne på kartet og legge ved filer.
Døme på innspel
- Born, unge, andre interessegrupper: Finst det snarvegar, skumle, mørke plassar, turvegar eller møteplassar det bør takast omsyn til?
- Naturobservasjonar: Finst det t.d. sjeldne vekster, tre eller insekt i området, eller uønskte vekster?
- Observasjonar av flaum eller overflatevatn.
- Spesielle tilhøve rundt eigedomar, som innsyn, støy, hage, tilkomstvegar.
- Lokalsamfunnet: Kva er viktig for deg i planområdet? Dette kan t.d. vere eit grøntområde, sosiale møteplassar eller ein sti.
Innspelsperiode: 17. august–20. september 2026
Innbyggardialog – gje innspel til planarbeidet til fv. 601 Førde sentrum her
Gåande, syklande og kollektivtrafikk
Føremålet med tiltaket på fv. 601 er å betre tilhøva for gåande, syklande og for kollektivtrafikken. Det blir lagt vekt på universell utforming, trafikktryggleik og effektiv arealbruk. Prosjektet omfattar opprusting av strekninga på fv. 601 Storehagen–Angedalsvegen med sykkelanlegg og fortau, samt etablering av ny kollektivterminal i Førde sentrum. Bakgrunnen er behovet for betre løysingar for gåande, syklande og kollektivtrafikk, og ønsket om å utvikle eit meir funksjonelt, trafikksikkert og attraktivt sentrumsområde
Reguleringsplan – mål og formål med planarbeidet
Vestland fylkeskommune skal utarbeide ein reguleringsplan for tiltaket på strekninga i Førde sentrum. Sunnfjord kommune er planmynde. Prosjektet er ei oppfølging av Førdepakken, tiltak 9. Planarbeidet inngår i ei større sentrumsutvikling der berekraftig byutvikling og samordning med regionale og kommunale planar er sentralt.
Planen skal vedtakast innan våren 2029.
Tett busetnad i travelt område
Planområdet strekkjer seg frå rv. 5 Naustdalsvegen i vest langs fv. 601 Storehagen til krysset Angedalsvegen–Prestebøen i aust, inkludert eigedomar som Firda Billag med skysstasjon og verkstad. Området er sentralt i Førde sentrum med tett busetnad, handel, næringsverksemd og bustadområde i kringliggjande li- og åssider. Fv. 601 Storehagen er ei sentral gate med fortau på begge sider, men utan eigne sykkelanlegg i dag. Rutebilstasjonen har kollektivterminal med oppstillingsplassar for bussar og korttidsparkering.
Samfunnsmål
- auka persontrafikk med gange, sykkel og kollektivtransport
- leggje til rette for fortetting, sosiale møteplassar og byutvikling.
Effektmål
- betre framkome for gåande, syklande og kollektivtrafikk
- null drepne eller hardt skadde i trafikken
- lågare drifts- og vedlikehaldskostnader
Resultatmål
- trygge, attraktive og universelt utforma løysingar
- rasjonell kollektivdrift
- samordning med områdereguleringa for Førde sentrum
Samordning med andre planar og føringar
Det er sett igang ein områdeplan for heile Førde sentrum. Denne planen og reguleringsplanen for Fv. 601 Storehagen–Angedalsvegen vil overlappe kvarandre. Det vil bli lagt vekt på samordning mellom planane når det gjeld utbyggingsmønster og transportsystem, for å sikre arealeffektivitet og redusert transportbehov.
Planarbeidet er også ein del av Førdepakken, eit bompengefinansiert prosjekt med 20 tiltak. Sentralt står mål om miljøvenleg trafikk og sentrumsutvikling med gang- og sykkelvegnett.
Medverknad og innspel
Det er planlagt fleire medverknadsmøte, dialogmøte og folkemøte, inkludert arbeidsmøte med sentrale aktørar som Sunnfjord kommune, Firda Billag og Vestland fylkeskommune. Innspel frå innbyggjarar har mellom anna peika på ønskje om tryggare og trivelegare område med fleire tilbod, redusert biltrafikk og bevaring av historiske bygg. Bylaboratoriet for Førde sentrum som er del av arbeid med områdeplanen, har samla innspel om leikeplassar, grøne lunger, piknik- og opphaldsareal, samt behov for eit bilfritt og fotgjengarorientert sentrum.
Informasjon om ulike møte og offentleg høyring vil bli lagt ut her fortløpande.
Overordna planar
Planarbeidet er forankra i nasjonale og regionale føringar, inkludert lov om vegar, naturmangfaldlova, vassressurslova, Vestland fylkeskommune sin berekraftstrategi, regional transportplan for Vestland 2022–2033 og kommunen sin samfunnsdel og arealplan for 2024–2035.