Opna nyopprusta strekning på Dalsfjordvegen

Etter halvanna år med anleggsdrift kan vegfarande no nyte knappe to kilometer med nybygd veg, gul midtstripe og mjuke svingar langs Dalsfjorden.

Opning av veg med gul midtstripe ein regntung dag i mai. Mann med fylkesordførarkjede held i snora, med mange ungar i regnkle og gule refleksvestar står rundt han og held i snora.
KUTTA SNORA: Fylkesordførar Jon Askeland kutta snora og markerte nye fv. 57 mellom Holmeli og Nistadlia for opna. Han var omkransa av elevar frå første og femte klasse ved Dingemoen skule, ordførar Leif Jarle Espedal, Arve Helle, leiar i SAMO og Dina Lefdal, avdelingsdirektør i infrastruktur og veg.

27. mai 2025 kunne fylkesordførar Jon Askeland klippe snora for opning av fv. 57 Holmeli-Nistadlia, og det vanka mange godord, både til byggherre, og til det lokale entreprenørfimaet Entreprenørservice.

– De har gjort eit usedvanleg fint arbeid, berre sjå på dei snorrette høge skjeringane og utruleg flotte natursteinsmurane, skrytte avdelingsdirektør Dina Lefdal.

Prosjektet er gjennomført utan store forseinkingar eller personskader. Dei høge, rette skjeringane krevde nøyaktig logging av borehol, og mykje natursteinsmur krevde dyktige fagfolk på muring.

Også for byggherren har det dukka opp utfordringar. Prosjekteringa av ny veg mellom Holmeli og Nistadlia var godt i gang då det i samband med prøveboringar på strekninga vart avdekka eit område med kvikkleire. Her skulle vegen utvidast, og vi måtte finne ei løysing på leireproblematikken.

Svaret vart å grave opp og fjerne kvikkleira, og fylle i med stein og stabile massar. I alt flytta vi 3000 kubikkmeter med leire. Dette viste seg å vere eit svært vellukka grep, og kan vere til inspirasjon for andre veganlegg.