Startar opp att

Arbeidet med fylkesvegen mellom Hestaneset, Sakseid og Ekornsæter på Bømlo startar opp att om kort tid. Prosjektet er ein del av Revidert Bømlopakke og har vore mellombels stansa etter konkurs hos tidlegare entreprenør.

Totalentreprenør Bertelsen & Garpestad AS melde oppbod 3. mars 2026. Konkursen førte til stans i arbeidet på vegprosjektet.

Signert avtale

No er situasjonen avklart. Vestland fylkeskommune har signert ein avtale saman med konkursbuet i Bertelsen & Garpestad AS, B45 Anlegg AS og Laje AS. B45 Anlegg AS blir ny totalentreprenør, med støtte frå mellom anna Laje AS.

Mange av dei same leverandørane og personane i prosjektleiinga vil halde fram i prosjektet, og vil vere på plass ved Sakseid i nær framtid.

Glad for å kunne starte arbeidet

–Avtalen blir vurdert som ei svært god løysing for lokalsamfunnet, og gjer det mogleg å gjennomføre prosjektet slik det opphavleg var planlagt. Vi er svært glade for at vi har kome fram til ei løysing som alle partar kan stille seg bak. No kan vi rette blikket framover og starte arbeidet igjen, seier John Nordseth Nesse, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.

Han vil takke alle involverte partar for eit konstruktivt og løysingsorientert samarbeid som har gjort denne avtalen mogleg.

Viktig for lokal utvikling

֪–Prosjektet har stor betydning for lokalsamfunnet på Bømlo. Når arbeidet no kan halde fram etter planen, vil det bidra til tryggare ferdsel, betre samanheng mellom lokalsamfunn og leggje til rette for lokal utvikling, seier prosjektleiaren.

Meir informasjon om oppstart og vidare framdrift kjem snart.

Gravemaskin på anleggsveg.
Arbeidet på Hestaneset, Sakseid og Ekornsæter på Bømlo startar opp att om kort tid. Foto: Jakob Andreas Stensland/Vestland fylkeskommune

 

Publisert 21. april 2026