Tilskot til berekraftig samfunnsutvikling

Tema for tilskotsordninga er levande byar og stadar, klima- og miljøarbeid og sosial utjamning. Vi lyser i 2022 ut 8,4 millionar kroner, og søknadsfristen var 9. mai.


Utviklingsplanen for Vestland 2020–2024 set retning for utviklinga i fylket. I planen er klima og miljø sett som premiss for samfunnsutviklinga. Visjonen er eit berekraftig og nyskapande Vestland, for å styrke lokalsamfunn, kvardagsliv og like moglegheiter for alle. Fylkeskommunen vil støtte prosess- og utviklingsarbeid som stør opp om denne innsatsen, og lyser ut 8,4 millionar til dette arbeidet.

Føremålet med tilskotsordninga

Tilskotsordninga skal bli brukt til by- og stadutvikling, sosial utjamning av helseskilnadar, og til å skape tilgjengelege, inkluderande og trygge stadar der folk trivast, kjenner tilhøyrsle og stimulerer til aktive liv. Ordninga skal mobilisere til klimaomstilling og nullutslepp.

FN sine berekraftsmål skal ligge til grunn for samfunnsutviklinga i Vestland fylke. Mål 17 “Samarbeid for å nå måla” er sentralt for å skape ei meir berekraftig retning. Ordninga omfattar tre innsatsområde:

  • by- og stadutvikling
  • klima og miljø
  • sosial utjamning

Kommunane kan søkje på eit eller fleire av innsatsområda. Vi oppmodar om å søke på tvers av innsatsområda. Meir om innsatsområda nedanfor.

Kven kan søkje?

Kommunar i Vestland fylke. Vi arrangerte eit ope møte om tilskotsordninga for kommunar og andre interesserte 29. mars. Her er opptak av samlinga:

Dette er ein YouTube-video YouTube krever at du tillater markedsføringscookies for å sjå denne videoen

Søknadsfrist

9. mai 2022. 

Økonomisk ramme

Total ramme for tilskotsordninga er 8,4 millionar. Det blir gitt støtte med inntil 50 prosent av total kostnad.

Korleis søkje

Kommunen kan søkje ved å nytte digitalt søknadskjema til fylkeskommunen.

Kva kan ein få støtte til?

  • Ny kunnskap: Kommunen kan søkje støtte til å auke kunnskapsgrunnlag og/eller kompetanseheving på tvers av kommunale sektorar. Dette kan omfatte kartlegging, registreringar og analysar
  • Nyskapande prosessarbeid: Mobilisering og samhandling mellom ulike grupper, fag, oppgåver og interesser. Opne, aktive og deltakande prosessar
  • Utviklingsarbeid og gjennomføring: Kommunen kan søkje støtte til ulike steg i arbeidet, til ide, utvikling og realisering av arbeidet

Dette støtter vi ikkje

  • Arbeid til gjennomføring av tradisjonelt lovpålagte oppgåver etter forventa minstekrav
  • Ordinær drift eller innkjøp av utstyr eller anlegg
  • Arbeid som kan få støtte frå ENOVA og NVE
  • Ladeinfrastruktur

By- og stadutvikling

Vestland fylkeskommune skal skape gode ramme for kvardagslivet i byar og stadar. Innsatsområde skal støtte kommunane sitt arbeid med sentrum og nærmiljø for å stimulere til trivsel, aktive liv og møte mellom folk. Arbeid med mangfaldige, attraktive og særprega stadar, haldbare bygg og uterom. Nyskaping, ombruk og fornying tufta på stadbundne verdiar og kvalitetar.

Til dømes kan vi støtte

  • mellombelse møteplassar. Ny funksjon og nye uttrykk innafor eit gitt tidsrom
  • transformasjon og ombruk
  • arbeid med mangfald, fleksible og haldbare uttrykk, arkitektur og landskapsforming

Klima og miljø

Vestland fylkeskommune har klima og miljø som premiss for samfunnsutviklinga. Innsatsområdet skal støtte kommunane sitt arbeid med å redusere direkte og indirekte klimagassutslepp, klimatilpassing og ta i vare det biologiske mangfaldet. Vurdering av klimarisiko for å førebu oss på konsekvensar av klimapolitikk og klimahendingar. Dette for å skape eit klimarobust samfunn.  

Til dømes kan vi støtte

  • arbeid knytt til direkte og indirekte klimagassutslepp, som kunnskapsgrunnlag, tiltak og framskriving
  • kartlegging av naturmangfald, økosystem og arealbruk med særskilt betydning for klimatilpassing og utsleppsreduksjonu
  • utgreiing og arbeid knytt til klimarisiko, samt gjennomføring av tiltak

Sosial utjamning

Vestland fylkeskommune vil styrke grunnlaget for gode kvardagsliv og like moglegheiter for alle. I måla for folkehelsearbeidet skal vi arbeide for ei samfunnsutvikling som utjamnar sosial ulikskap i helse. Innsatsområdet skal støtte kommunane sitt arbeid med sosial utjamning, for å betre vilkåra og gjere tersklane lågare for alle. Folkehelseoversikta i Vestland løftar fram at vi må ha søkjelys på grupper som av ulike årsaker ikkje har moglegheit til å delta på like vilkår. Dette kan mellom anna skuldast økonomi, funksjonsnivå, kunnskap og utdanning.

Til dømes kan vi støtte:

  • arbeid med å styrke kommunen sin folkehelseoversikt knytt til sosial ulikskap
  • utvikling av tiltak i tråd med kommunen sitt kunnskapsgrunnlag, med mål om utjamning av sosial ulikskap
  • Søknad må støtte opp under overordna mål i Utviklingsplan for Vestland 2020–2024 og føremål med ordninga
  • Søknad må vere forankra i kommunale planar eller strategiar
  • Søknad skal vise til relevant kunnskap, ev. behov for ny kunnskap
  • Arbeidet skal ha overføringsverdi
  • Eigenfinansiering

Søknadar vil bli vurdert og vektlagt ut frå følgjande kriterium:

  • I kva grad får arbeidet verknad for By- og stadutvikling, Klima og miljø og Sosial utjamning samla og/eller kvar for seg (20 prosent)
  • I kva grad støtter arbeidet opp om overordna mål i utviklingsplanen (20 prosent)
  • I kva grad er arbeidet berekraftig og heilskapleg (20 prosent)
  • I kva grad bidreg arbeid til involvering og samspel/samarbeid på tvers (20 prosent)
  • I kva grad er arbeidet nyskapande og/eller innovativt (10 prosent)
  • I kva grad er evaluering av arbeidet skissert (10 prosent)

Søknadar som har låg vurdering/vekting på eit eller fleire vurderingskriterium kan få avslag/avkorta stønad.