8,4 millionar til 17 prosjekt for berekraftig samfunnsutvikling

Fylkesutvalet har vedteke å gi 8,4 millionar kroner til 17 ulike prosjekt for berekraftig samfunnsutvikling. Sjå kven som fekk midlar.

foto av folk som går over fotgjengerfelt i Bergen sentrum
STØTTE TIL GÅBY-PILOT: Bergen kommune får tilskot til delar av pilotarbeidet i søknaden som særskild gjeld universell utforming i tråd med fylkeskommunen sin innsats på området. (Foto: Morten Wanvik, Vestland fylkeskommune)

Tilskotsordning for berekraftig samfunnsutvikling er ei årleg tildeling som skal bli brukt til by- og stadutvikling, sosial utjamning av helseskilnadar, og til å mobilisere til klimaomstilling og nullutslepp.
Målet med ordninga er å skape tilgjengelege, inkluderande og trygge stadar der folk trivst, kjenner tilhøyrsle og stimulerer til aktive liv.
Ordninga omfattar dei tre innsatsområda by- og stadutvikling, klima og miljø, og sosial utjamning. Kommunane kan søkje på eitt, fleire eller på tvers av innsatsområda. Ordninga skal særleg stimulere til utvikling av nye samarbeid og måtar å jobbe på for å nå berekraftsmål, og å gje gode eksempel som andre kan verte inspirert av.

Samarbeid og samskaping


I år kom det inn 26 søknadar frå 14 kommunar. Innkomne søknader syner ei geografisk fordeling utover heile fylket. Dei 17 søknadane som har fått støtte er vurderte til å svare godt, til svært godt på tildelingskriteria i utlysinga. 
 
– Det blir gitt tilskot til mange ulike arbeid i fylket, som syner stor variasjon. Ein fellesnemnar for arbeida er samarbeid og samskaping for å sikre ei berekraftig samfunnsutvikling i kommunen, byen eller tettstaden. Kommunane får midlar til å skape gode og inkluderande møteplassar lokalt. Her er prosjekt som fokuserer på sirkulære løysingar, og å ta i bruk eksisterande område, bygningar og material til noko nytt for innbyggjarane, seier fylkesordførar Jon Askeland.

 – Bidreg til å nå måla våre

To tiltak har fått mest, og ein million kroner kvar i støtte: Bergen kommune med «Vegkart for sirkulær byggenæring» og Voss kommune med prosjekt «Generatoren – aktivitetshus i Voss herad». Bergen kommune har og fått nær ein million kroner til ein «Gåbypilot». Her er det gitt tilskot til delar av pilotarbeidet i søknaden som særskild gjeld universell utforming som i tråd med fylkeskommunen sin innsats på området.
 
– Det er mange gode og spennande tiltak som har fått støtte, blant anna Sveio kommune som ønsker å utvikle Tinghuset som sosial møteplass, og Gulen kommune sitt prosjekt «miljø- og klimavennlege innbyggarar». Søknadene som no har fått støtte bidreg til å nå måla våre for berekraftig samfunnsutvikling, seier Askeland om tildelingane.

Tilskot som pådrivar til endring i kommunane

Vestland fylkeskommune skal styrke rolla fylkeskommunen har som samfunnsutviklar, og samordne aktiviteten ovanfor kommunar og eksterne aktørar. Eit sentralt verkemiddel fylkeskommunen kan nytte er tilskot. Gjennom bruk av tilskotsordningar kan fylkeskommunen støtte innhenting av ny kunnskap, prosessar, utviklingsarbeid og prosjekt i kommunane. 
Utviklingsplan for Vestland 2020–2024 set retning for utviklinga i fylket og har visjon om å skape eit berekraftig og nyskapande Vestland, og  å styrke lokalsamfunn, kvardagsliv og like moglegheiter for alle, samt sette klima og miljø som premiss for samfunnsutviklinga. 
 
Fylkesutvalet vedtok i møte 19. september at følgjande tiltak mottek støtte:

Kommune Tilskot Prosjekt
Bømlo  

80.000

Kystrom – arkitektonisk og estetisk rettleiar  
Bergen  797.000   Utvikling av nye berekraftstilbod ved biblioteket  
Bergen  1.000.000   Vegkart for sirkulær byggenæring  
Bergen   750.000   Naturens rolle i      klimavennleg arealplanlegging  
Voss   1.000.000   Generatoren – aktivitetshus i Voss herad  
Austrheim     600.000   Strandpromenade og pir i Nedre Fonnesvågen  
Sveio

  250.400

Tinghuset som sosial møteplass i Førde sentrum  
Sunnfjord   500.000   Elvehagen  
Sunnfjord

  330.000

Saman om sentrumsutvikling – tilrettelagt medverknad  
Etne   225.000   Områdeplan for Skånevik sentrum  
Voss   500.000   Moglegheitsstudie Voss sentrum  
Gloppen   100.000   Plant og leik i Sandane sentrum
Solund   400.000   Kulturvandringsløype  
Stad   245.000   Midt i gata – mellombels møteplass i Nordfjordeid sentrum  
Gulen   430.000   Miljø- og klimavennlege innbyggarar  
Bømlo

  213.000

Velkomstpakkar til tilflyttarar  
Bergen   979.600   Gjennomføring av Gåbypilot