Folkehelseundersøkinga 2026
16. april blir 222 000 innbyggjarar i Vestland inviterte til Folkehelseundersøkinga. Dei som er plukka ut, får invitasjon via Helsenorge.
Folkehelseundersøkinga 2026 i Vestland er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune. Resultata vil syne korleis det står til med helse, trivsel og livskvalitet hjå den vaksne befolkninga i Vestland. Det er nyttige data for både kommunane og fylkeskommunen.
Kva spør vi om?
Spørsmåla i undersøkinga handlar om ulike forhold som påverkar helse og livskvalitet innan desse temaa:
- nærmiljø og bustadforhold
- levevanar
- sosial støtte og livskvalitet
- fysisk og psykisk helse
Du kan lese meir om folkehelseundersøkinga på nettsida til Folkehelseinstituttet.
Det er trygt å svare
Vi tek vare på personvernet ditt. Svara frå undersøkinga blir oppbevart og behandla etter gjeldande reglar om personvern. Det blir ikkje mogleg å kjenne att enkeltpersonar i statistikk.
Spørsmål og svar
Under finn du svar på vanlege spørsmål om undersøkinga. Har du andre spørsmål? Sjekk også Folkehelseinstituttet sine sider eller ta gjerne kontakt med oss!
Når blir undersøkinga for Vestland sendt ut?
Undersøkinga i Vestland startar torsdag 16. april og går fram til 28. april 2026.
Korleis kan eg delta?
Folkehelseundersøkinga 2026 går ut til eit utval av innbyggjarane i Vestland over 18 år. Berre dei som får invitasjon kan svare.
Er det eit svindelforsøk?
Svindelforsøk er vanlege. Vestland fylkeskommune er kjent med svindelforsøk der innbyggjarar i Vestland har motteke e-post frå nokon gir seg ut for vere Folkehelseinstituttet og ber mottakaren trykke på ei lenke.
Aldri trykk på lenker du får tilsendt på SMS, e-post eller andre kanalar – gå inn på dei offisielle nettsidene.
Om du mottek Folkehelseundersøkinga vil du bli varsla om dette frå Helsenorge. Gå til helsenorge.no og logg deg inn. Meir informasjon om innlogging på Helsenorge finn du på helsenorge sine sider (Logge inn på Helsenorge - Helsenorge).
Kva er føremålet med undersøkinga?
Folkehelseundersøkingane gir ny og unik lokal kunnskap om korleis innbyggjarane sjølve opplever eigen livskvalitet, trivsel og helse. Spørsmåla handlar om ulike forhold som har betydning for folkehelsa: nærmiljøet, mobilitet, arbeid, bustad, tilgjengelegheit, skadar og levevaner. Dette er viktig kunnskap for fylkeskommunen og kommunane når vi skal planlegge og utvikle gode lokalsamfunn og meir relevante tenester og tiltak for befolkninga.
Kunnskap og statistikk frå undersøkinga blir delt med politikarar og tilsette i kommunar, fylkeskommunen og forskarar. Frivillige organisasjonar, lag og foreiningar vil også kunne ha nytte av resultata.
Fylkeskommunen har også ansvaret for å halde oversikt over helsetilstanden og påverknadsfaktorar i fylket etter folkehelselova § 21 og forskrift om oversikt over folkehelsa. Folkehelseundersøkingar som dette er eit verktøy til å halde oversikt.
Det er frivillig å delta, men vi oppmodar alle som blir inviterte, til å svare på undersøkinga. Svara dine gir verdifull kunnskap til kommunen din.
Korleis vert deltakarane valde ut?
Deltakarane blir trekte tilfeldig frå folkeregisteret.
Kvifor er undersøkinga berre for dei over 18 år?
Vi har allereie eit godt kunnskapsgrunnlag for barn og unge gjennom undersøkinga Ungdata. Ungdata er ei barne- og ungdomsundersøking der skuleelevar svarar på spørsmål om korleis dei har det, og kva dei driv med på fritida. Ungdata-undersøkinga blir gjennomført kvart tredje til fjerde år og vart sist gjennomført i Vestland i 2024.
I tillegg har Vestland fylkeskommune i samarbeid med Bergen kommune gjennomført undersøkinga Barnefamiliepanelet i fjor. Denne vart sendt ut til alle barnefamiliar i fylket i mai 2025.
Korleis blir opplysningane mine behandla?
Opplysningane deltakarane gir blir behandla i samsvar med gjeldande reglar om personvern . Det gjeld alle som får tilgang til dei innsamla opplysningane. Det er strengt regulert kven som får tilgang til opplysningane, og kva opplysningar dei ulike får tilgang til.
Kva gjer eg om eg har svart på undersøkinga, men ønskjer å trekke svaret mitt?
Dersom du ombestemmer deg etter å ha svart på undersøkinga, kan du kva tid som helse trekke attende samtykket. Ynskjer du å bli sletta går du inn på FHI sine nettsider for å finne rett skjema: Dine deltakerrettigheter i Folkehelseundersøkelsen i fylkene - FHI
Kvifor får eg invitasjon i Helsenorge?
Du får invitasjonen via Helsenorge fordi det er ei trygg og sikker løysing. Då veit du at invitasjonen kjem frå Folkehelseinstituttet og fylkeskommunen, og du unngår risiko for svindel. Helsenorge følgjer strenge reglar for handtering av personopplysningar, og informasjonen din vert behandla i tråd med desse krava.