Elev- og lærlingombodet

Det er to elev- og lærlingombod i Vestland fylkeskommune: Sigrid Isdal og Venke Nordeide.

Vi  jobbar for at du som er elev, lærling eller lærekandidat får oppfylt rettane dine.

Hos oss kan du få råd, rettleiing og støtte. Vi kan følgje opp saka di og vere med på å kvalitetssikre opplæringa i skule og bedrift.

Vi skal også vere ein pådrivar for at dei som jobbar med vidaregåande opplæring oppfyller pliktene dei har etter opplæringslova.

Du kan trygt snakke med oss. Vi har teieplikt, det vil seie at vi ikkje går vidare med det du fortel oss utan at du ønskjer det sjølv.

Meir informasjon til deg som er elev

Meir informasjon til du som er lærling

Det er eit stort område vi skal ta oss av, så vi har delt skulane/områda i Vestland mellom oss.

Ta kontakt med Sigrid Isdal dersom du høyrer til:

Tidlegare Hordaland, med unntak av Voss og Nordhordland:
Voss vgs, Voss gymnas, Austrheim, Knarvik, Osterøy, Åsane, Arna, Tertnes, Kvam og Framnes vgs.

Sigrid Isdal

Bergen/Sandsli

 

Ta kontakt med Venke Nordeide dersom du høyrer til:

Tidlegare Sogn og Fjordane eller Voss og Nordhordland: Voss vgs, Voss gymnas, Austrheim, Knarvik, Osterøy, Åsane, Arna, Tertnes, Kvam og Framnes vgs.

 

Venke Nordeide

Askvoll/Leikanger

 

Korleis ta kontakt med oss

Du kan ta kontakt med oss på mange ulike måtar. Vi vil helst snakke med deg, for det er ikkje så lurt å sende sensitiv informasjon på e-post eller sosiale media.

Om du ikkje vil ringe til oss, kan du sende telefonnummeret ditt til dømes på SMS, e-post eller messenger, så kan vi ringe deg.

Du finn oss på sosiale medier også:

Facebook

Snapchat: elombud

Instagram: Ombod Vestland

Mandat for elev- og lærlingombod i Vestland vart vedtatt i Vestland fylkesting 10. juni 2020.

Vestland fylkeskommune har to elev- og lærlingombod. Ombodet har ei rådgjevande og rettleiande rolle og er ikkje ein klageinstans.

  1. Elev- og lærlingombodet i Vestland

    Elev- og lærlingombodet er fylkeskommunen sitt ombod for elevar, lærlingar og lærekandidatar (heretter omtalt som lærlingar) i vidaregåande opplæring.

    Elev- og lærlingombodet er først og fremst eit lågterskeltilbod som elevar, lærlingar og føresette lett skal kome i kontakt med. Ombodet skal utføre arbeidet sitt på eit fritt og sjølvstendig grunnlag, og bidra til å styrke fylkeskommunen sitt arbeid med å sikre at elevar og lærlingar får ivaretekne rettane sine.

    Ombodet arbeider for at alle elevar og lærlingar skal få ei rettferdig behandling etter lov, forskrift og fylkeskommunalt regelverk, og er ein pådrivar for at skular og opplæringsinstitusjonar følgjer dei retningsliner og lover som omhandlar elevar og lærlingar sine rettar. Ombodet skal samarbeide med alle partar i vidaregåande opplæring for å minne dei ansvarlege på at elevar og lærlingar får oppfylt retten til medverknad

  2. Målgruppe

    Elev- og lærlingombodet sitt arbeidsområde omfattar alle elevar og lærlingar innanfor det fylkeskommunale opplæringstilbodet og private vidaregåande opplæringstilbodet.* Alle elevar og lærlingar, uavhengig om dei er i eit fylkeskommunalt eller privat vidaregåande opplæringstilbodet, skal kunne ta kontakt med elev- og lærlingombodet og få hjelp.

  3. Teieplikt

    Ombodet har teieplikt og saker blir ikkje brakt vidare utan samtykke.

  4. Organisering, rapportering og initiativrett

    Ombodet skal utarbeide årsmelding til fylkestinget.

    Ombodet skal ha systematisk kontakt med administrativ og politisk leiing i fylkeskommunen, med faste møtepunkt fleire gonger i året.

    Dei fylkeskommunale observatørane i styra til dei private vidaregåande skulane skal syte for at årsrapport frå elev- og lærlingombodet vert handsama i styra i dei private vidaregåande skulane.

    Elev- og lærlingombodet er ein del av eit nasjonalt nettverk for fagleg utvikling og erfaringsdeling på tvers av fylka.

*Dersom dei private vidaregåande skulane ynskjer besøk av elev- og lærlingombodet, må dei dekkje kostnadene med dette sjølv.

Vi trenger ikkje vite kven du er eller kor du går på skule eller i lære. Du kan velje om du vil vere anonym eller ikkje når du er i kontakt med oss.

Vi må lagre nokre opplysningar sjølv om du vil vere anonym. Det kan vere: dato du tok kontakt, korleis du tok kontakt (f.eks. SMS eller telefon), kven som tok kontakt (elev/ein ven/foreldre/lærar),om du er elev i vidaregåande skule eller om du er lærling, og stikkord om kva førespurnaden handla om (f.eks. vurderingsgrunnlag, eller spørsmål om løn/ferie). Ingen av opplysningane vi lagrar kan identifisere deg om du vil vere anonym.

Om du vil at eg skal følgje opp deg opp, ringe deg igjen seinare for å sjekke korleis det går, eller liknande, må eg lagre namn og kontaktinformasjonen din, til dømes eit telefonnummer.

Eg gir ikkje ut opplysningar om deg til andre.

Rapportering og oversikt

Vi rapporterer årleg til politikarane i Vestland. Då viser vi kor mange førespurnader vi  har fått i skuleåret som gjekk. Vi viser dei kor mange saker som kjem frå elevar eller frå lærlingar, og eksempelvis kor mange som tok kontakt per telefon, osb.

Vi held føredrag og informasjonsmøte, og vi legg ut stories på Snapchat. Då viser vi til typiske spørsmål og problemstillingar som elevar og lærlingar opplever. Snapchat er ein informasjonskanal som gir generell informasjon om lovar, retter og plikter i høve til vidaregåande opplæring i skule og i lærebedrift.

https://www.vestlandfylke.no/om-oss/personvern/