Barnefamiliepanelet
Kva fritidsaktivitetar deltar barn og unge i Vestland i? Er det forskjell i deltakinga avhengig av kor dei bur og bakgrunnen til foreldra? Kven deltar og kven fell utanfor? Det er Barnefamiliepanelet med å gje svar på.
- Last ned rapporten frå Barnefamiliepanelet 2025 (pdf). Denne vart lansert 2. oktober 2026.
- Lag din eigen statistikk om deltaking i organiserte fritidsaktivitetar i statistikkverktøyet PowerBI. Her kan du lage dine eigne figurar for deltaking, sortert på blant anna kjønn, geografi, aktivitetstype og andre bakgrunnsvariablar.
Kva finn du i Barnefamiliepanelet?
Undersøkinga presenterer barn og unge
- si deltaking i organiserte kulturaktivitetar, idrett og andre aktivitetar
- som publikum på idrettsarrangement, kulturarrangement og andre underhaldningsaktivitetar
- sin bruk av bibliotek, bøker og andre media
Barnefamiliepanelet gir god og nyttig kunnskap om deltaking i fritidsaktivitetar, som kommunane, frivillige organisasjonar og andre fritidsaktørar kan bruke til å planlegge og legge til rette auka deltaking.
Ny statistikk vinteren 2026/2027
Det kjem ei ny statistikkløysing for resultata om barn og unge si deltaking som publikum på idrettsarrangement, teater, kino m.m. Her kjem også resultat som bibliotekbruk, lesing og mediebruk. Denne blir klar vinteren 2026/2027.
Andre gong for heile Vestland
Barnefamiliepanelet vart gjennomført i heile Vestland for første gong i 2022 og for andre gong i juni 2025. Bergen kommune og Vestland fylkeskommune samarbeider om undersøkinga, som blir sendt ut til alle barnefamiliar i Vestland.
Les om funna i Barnefamiliepanelet 2025 i denne nyheitssaka.