Barnefamiliepanelet: Deltaking i organiserte fritidsaktivitetar
86 prosent av barna i Vestland deltok i minst éin organisert fritidsaktivitet i 2025. Deltakinga er ulikt fordelt om vi samanliknar kommunane i Vestland – og ikkje minst om vi ser på alder, kjønn og barnet sin bakgrunn.
Barnefamiliepanelet 2025 undersøker korleis barn og unge deltek i idrett, kultur og andre organiserte aktivitetar. Rapporten frå undersøkinga peikar mellom anna på at
- deltakinga har falle frå 89 prosent til 86 prosent frå 2022 til 2025, og mest innan kulturaktivitetar
- jenter og gutar deltar like mykje, men ofte innan ulike aktivitetar
- barn som ikkje deltar i organiserte fritidsaktivitetar har foreldre som i mindre grad sjølv er aktive i organisasjons- og kulturlivet
- funksjonsvanskar et ein av dei sterkaste faktorane for å stå heilt utanfor organisert fritid, spesielt lagidrett
- barn i familiar med høg inntekt er oftare med i idrett, medan barn i familiar med høg utdanning deltar oftare i kulturaktivitetar
- innvandrarbarn deltar meir i organiserte fritidsaktivitetar enn barn av norskfødde foreldre
Kva finn du i statistikken?
I statistikkverktøyet til Barnefamiliepanelet kan du mellom anna
- samanlikne deltakinga mellom ulike kommunar og regionar i Vestland, og mellom små, mellomstore og store kommunar
- sjå deltakinga innan idrett, kultur og andre organiserte aktivitetar, sortert på aldersgrupper og kjønn
- finne ut kor mange prosent som deltar innan ulike aktivitetstypar, og sortere dette på m.a. regionar, kjønn og aldersgrupper
- sjå korleis deltakinga endrar seg med alderen innan ulike aktivitetstypar innan idrett, kultur og andre aktivitetar
- sjå kven som deltar og ikkje deltar utifrå alder, kjønn, foreldra si inntekt og utdanning, barnet sitt funksjonsnivå og innvandringsbakgrunn
- lese meir om tala og undersøkinga
Korleis bruke statistikkverktøyet i Power BI?
- Bruk knappane øvst for å gå mellom sidene, og vala til venstre for å velje område, skuletrinn, kjønn og anna.
- Hald peikaren over ein figur for å sjå nøyaktige tal.
Fri bruk av figurar og tal
Du kan fritt bruke figurar frå verktøyet, til dømes i presentasjonar, planar og søknader. Ta eit skjermbilete og oppgi kjelda: «Kjelde: Barnefamiliepanelet 2025, Vestland fylkeskommune og Bergen kommune». Ta kontakt dersom du treng du tala i eit rekneark.