Godkjenning av drosjesentral
Frå 1. september 2024 blei det innført krav om sentralløyve. Drosjesentralane må søkje godkjenning hos fylkeskommunen.
Det er tre vilkår for å kunne få sentralløyve:
1. Fast og varig verksemd i Noreg
For å oppfylle krav om fast og varig verksemd i Noreg må sentralen ha fast forretningsadresse i Noreg, vere registrert i Føretaksregisteret og ha ein dagleg leiar med kontor i Noreg.
Registrer føretak på Brønnøysundregisteret sine nettsider.
2. God vandel
For å oppfylle krav til god vandel må dagleg leiar ikkje vere frådømt retten til å drive næringsverksemd eller vere ilagt straff for eit alvorleg lovbrot, herunder på det handelsmessige område.
Dersom dagleg leiar er dømt for noko eller har fått førelegg, må ein leggje ved kopi av dom/førelegg i søknaden. Kontakt den aktuelle domstolen eller politidistriktet for å få kopi av dom/førelegg. Vandelsattest søkjast om til politiet.
Søk om politiattest for dagleg leiar.
3. Tilfredsstillande økonomisk evne
Sentralen og dagleg leiar må ha orden i økonomien. Det vil seie at de ikkje kan ha større, ubetalte restansar på gebyr, avgifter eller skatt, og at de ikkje kan vere under konkursbehandling.
Når du søkjer sentralløyve, treng vi skatteattest (stadfesting på skatt og meirverdiavgift) og stadfesting frå Konkursregisteret.
Gir du samtykke i søknaden, hentar vi desse attestane automatisk. Gir du ikkje samtykke, mottek vi ikkje søknaden din.
Søkjer du på vegner av eit nyoppretta selskap, må dagleg leiar i tillegg:
- Oppfylle krava til økonomi i yrkestransportforskrifta §7 syvende ledd
- Vere busett i EØS
- Vere godkjent av løyvestyresmakta
Attestane kan ikkje vere eldre enn tre månader. Bestilling av attestar gjer du hos Skatteetaten.
Sentralen må stille garanti for sentralløyve på 315 000 kr. Garanti må sendast direkte frå garantist til fylkeskommunen før vi kan handsame søknaden. Garanti sendast til post@vlfk.no
Kva skjer etter at du har søkt?
Når vi har motteke ein komplett søknad om sentralløyve, går vi gjennom søknaden og sjekkar at alle vilkåra er oppfylte.
Er alt i orden, får føretaket tilsendt eit vedtak med faktura som vedlegg. Begge delar vert sende digitalt til føretaket sin digitale postboks.
Gebyret for sentralløyve er 3 700 kroner.
Avvikling av drift av drosjesentral
Dersom ein drosjesentral vil avvikle verksemda i eit eller fleire område må sentralen gi løyvestyresmakta, og fylkeskommunar som har fått melding etter yrkestransportforskrifta § 52e, skriftleg varsel så tidleg som mogeleg og minst to månader før opphøyr av drifta.
Krav til drosjesentralane
Drosjesentralane har plikt til å samle inn, lagre og sende inn ein del informasjon. Alle sentralane må setje seg inn i krava ved å lese yrkestransportlova § 9 d og § 9 e
Drosjesentralen skal, når styresmaktene ber om det, sende inn dei opplysningane som dei ber om.
På nettsida www.sentralloyve.no skal sentralane mellom anna registrere inn sine tilknytta løyvehavarar, køyreområde, om drosja er tilpassa rullestolbrukarar og om drosja er ute av drift. Passord til innlogging får ein etter at føretaket har fått innvilga sentralløyve.
Internkontroll
Krav om internkontroll tredde i kraft 1. juli 2026. Fylkeskommunen er tilsynsmynde.
Drosjesentralen skal sørgje for at det blir innført og utøvd internkontroll i verksemda som går føre seg hos løyvehavarar knytte til sentralen, og i sentralen si eiga verksemd. Arbeidstakarar hos sentralen og tilknytte løyvehavarar skal medverke ved innføring og utøving av internkontrollen.
Sentralen skal ha etablert eit internkontrollsystem innan tre månader etter at sentralløyvet er tildelt, og skal dokumentere dette overfor tilsynsmyndigheita innan same frist.
Les mer om internkontroll i drosjesentralar her.