Internkontroll i drosjesentralar frå 1. juli 2026
Det blir innført krav om internkontroll for drosjesentralar frå 1. juli. Fylkeskommunen skal vere tilsynsmyndigheit.
Målet er betre etterleving av regelverket, meir rettferdig konkurranse og tryggare drift i næringa.
Kva er internkontroll?
Internkontroll er dei systema, rutinane og tiltaka drosjesentralen nyttar for å sikre at verksemda og dei tilknytte løyvehavarane etterlever krav i lover og forskrifter som gjeld drosjenæringa.
Internkontrollen skal vere:
- systematisk og dokumentert
- tilpassa storleik, aktivitet og risikonivå i sentralen
- eit praktisk verktøy, ikkje berre formell dokumentasjon
Sentralen må ha oversikt over kva krav som gjeld, og gjere desse forståelege gjennom rutinar, instruksar og opplæring.
Ansvar og plikter for drosjesentralen
Drosjesentralen får eit overordna systemansvar for internkontroll – både for eiga verksemd og for løyvehavarane som er knytt til sentralen.
Dette inneber mellom anna plikt til å:
- kartleggje risiko for brot på regelverk
- etablere rutinar for å førebyggje, avdekkje og rette opp avvik
- sikre at løyvehavarar og sjåførar har nødvendig kunnskap om regelverket
- følgje opp avvik og setje i verk korrigerande tiltak
- dokumentere internkontrollen skriftleg
Internkontrollen erstattar ikkje dei individuelle pliktene som ligg på kvar løyvehavar, men skal vere eit system som bidreg til at desse pliktene blir oppfylte.
Arbeidstakarar hos sentralen og tilknytte løyvehavarar skal medverke ved innføring og utøving av internkontrollen.
Sentralen skal ha etablert eit internkontrollsystem innan tre månader etter at sentralløyvet er tildelt, og skal dokumentere dette overfor fylkeskommunen innan same frist.
Dersom tilsynet avdekkjer alvorlege forhold, kan dette føre til at vi vedtek pålegg om retting og i ytste konsekvens tilbakekalling av sentralløyvet.
Du kan lese forskrifta om internkontroll i drosjenæringa her. Krav om internkontroll i drosjenæringa følgjer av yrkestransportlova § 9 f.