HES2008 - Tverrfagleg eksamen, helseservicefag

Informasjon om tverrfagleg praktisk privatisteksamen i Helseservicefag.

Oppmøte og eksamenslokale  

Eksamen blir gjennomført på Åsane vidaregåande skule. Kandidatane gjennomfører eksamenen éin og éin. Tidspunkt for oppmøte til eksamen og romnummer blir sendt til kvar enkelt på SMS frå skulen i god tid før eksamensdagen.  

NYTT: Frå hausten 2026 blir det ikkje sendt ut førebuingsdel med spesifikt tema. 

Informasjon om eksamensgjennomføringa    

Hjelpemiddel og utstyr: Du må ha med eigen datamaskin med tilgang til internett. På eksamensdagen møter du framfor eksamensrommet i god tid for å få tilgang til internett. Her finn du informasjon om korleis du koplar deg på. 

Organisering av eksamen

Eksamen varer i inntil 1,5 time. På eksamensdagen skal du velje eitt av yrka som faget helseservice førebur til. Eksamen består av to delar: 

Del 1: Du får/trekkjer ei oppgåve som du skal løyse skriftleg ved bruk av datamaskin. Du får 60 minutt til å svare på oppgåva. Du sit på eit rom saman med andre kandidatar og ein eksamensvakt. Når du er ferdig, blir du henta av sensor. 

Del 2: Startar med at kandidaten presenterer svaret på oppgåva for sensorane (ca. 10 minutt). Deretter blir det ein fagsamtale og/eller gjennomføring av praktiske oppgåver (ca. 20 minutt). 

Informasjon eksamen

Del 1: Som helseservicearbeidar skal du kunne bruke digitale verktøy til å utforme materiell, og vise at du kan kommunisere og gi informasjon til ulike grupper av mottakarar om til dømes:  

  • infeksjonssjukdomar 
  • smittefare  
  • smittevern og allmenntilstand 

Del 2: Fagsamtale og praktiske oppgåver. Aktuelle tema for den praktiske gjennomføringa kan vere tema frå heile læreplanen: 

  • Hygiene  
  • Kommunikasjon og møte med mennesker i ulike tilstander, bakgrunner (språk, kultur) (jfr. folkehelse og livsmeistring) 
  • Avfallshandtering (jfr. berekraft og utvikling) 
  • Kommunikasjon og rådgjeving av folk som tek kontakt, på venteverelset, i telefonen  
  • Organisering og struktur på arbeidsplassen 
  • Munnleg instruksjon av t.d. nye hjelpemiddel, medisinbruk, resept, betalingsautomat, m.m. 
  • Fyrstehjelp 
  • kundeservice 

Etter gjennomføringa er det sett av ca. 15 minutt til samtale med sensor. Her får kandidaten spørsmål og moglegheit til å utdjupe og grunngje vala sine frå gjennomføringa av eksamenen. 

Læreplan og vurderingskategorier

Læreplan i vg2 helseservicefag (HES02‑03) | udir.no 

  • HMS - hygiene, orden, avfall 
  • Fyrstehjelp 
  • Kommunikasjon digital/informasjon/tilpassa språk verkemiddel 
  • Kommunikasjon munnleg/relasjon/ pasientbehandling 
  • Bruk og forståing av fagbegrep 
  • Bruk av lover og regler og standarder i faget 

Vurdering og karakterbeskriving

Læreplanen og kompetansemåla ligg til grunn for oppgåvene og vurderinga på eksamen. Vurderinga legg vekt på kor stor grad kandidaten viser dugleik i gjennomføringa av den praktiske delen av eksamen og i samtalen med sensor. Karakteren er ei heilskapleg vurdering av den kompetansen kandidaten viser i eksamenssituasjonen på eksamensdagen. 

  • Karakteren 6 - kandidaten har vist utmerket kompetanse 
  • Karakteren 4-5 - kandidaten har vist god kompetanse 
  • Karakteren 2-3 - kandidaten har bestått  
  • Karakteren 1 - det ikkje er vist nok kompetanse, og eksamen er ikkje bestått