AMB2008 - Tverrfagleg eksamen, ambulansefag

Førebuingstid og oppmøtetid 

Kandidaten får utdelt eit tema og situasjonsbeskrivelse ved oppmøte 30 minutt før eksamen startar. Kandidaten førebur seg / planlegg ei praktisk gjennomføring av situasjonen. Før eksamen startar blir kandidaten henta til eksamensrommet. 

Informasjon om eksamen

Eksamen er individuell og inneheld oppgåver som ein ambulansearbeider kan møte.  

Kandidaten skal vise kunnskapar og dugleik i å planlegge arbeid, velje metodar og utstyr, utføre og dokumentere arbeidet. Skulen har alle relevante hjelpemiddel. Kandidaten treng ikkje ta med seg særskilte hjelpemiddel eller utstyr. 

På eksamen får kandidatane ei kompleks arbeidsoppgåve som dei skal demonstrere/utføre. Det er ikkje ein heilt ny situasjon, men ein eller flere konkrete oppgåver knytt til emnet frå situasjonsbeskrivinga. Denne oppgåva skal dei utføre praktisk. Alle kandidatane skal vise fagarbeidaren si rolle. 

Sensor vil normalt være i munnleg dialog med kandidaten. Dette kan delvis skje under den praktiske utføringa. I dei fleste tilfella vil det være ein munnleg, individuell dialog, under og/eller etter den praktiske delen. Her vil kandidaten kunne gjere greie for arbeidet både frå førebuingsdelen og frå eksamensdelen. Kandidaten vil og få nye spørsmål med utgangspunkt i tema. Alle kompetansemål kan trekkast inn for å sikre breidde i vurderinga. 

Hjelpemiddel og utstyr 

Alle hjelpemiddel er tillatne i førebuingstida og på eksamen, unntatt kommunikasjon med andre. 

Merk! Direkte opplesing frå notat under eksamen, er lite eigna til å vise kompetanse i faget. 

Andre opplysningar

Oppmøte i Røde kors huset, 2. etasje. Klasserom vg2 ambulansefag. 
Kandidaten skal ikkje forlate førebuingsrommet.

Det skal vere stille under førebuinga, og kandidatane skal ikkje snakke med eller forstyrre kvarandre. Kandidaten blir henta frå førebuingsrommet til eksamensrommet.