Gjennomføring av opplæring i bedrift

Ei lærebedrift er med på å utdanne fagarbeidarar for framtida! God informasjon og dialog med lærling, lærekandidat eller praksisbrevkandidat er viktig for å lukkast i eit godt læreløp.

Lærebedrifta skal utarbeide ein intern plan for opplæringa. Ein slik plan er eit verktøy for å sikre at lærlingen/lærekandidaten/praksiskandidaten får opplæring som tilfredsstiller måla i læreplanen.

Fagleg leiar i lærebedrifta er ansvarleg for at det blir gjennomført planlagde vurderingssamtalar med lærlingen kvart halvår.

Vi har laga nokre skjema til hjelp i arbeidet. Desse finn de i skjemasamlinga under.

  1. Ta utgangspunkt i alle arbeidsoppgåver som blir utført av fagarbeidaren ved bedrifta,
    (gjerne avdelingsvis dersom bedrifta er stor). Dei fleste bedrifter har ei oversikt over arbeidsoppgåver i dei interne dokumenta sine, men dei har kanskje ikkje oversikt over kva ein fagarbeidar i eit konkret fag arbeider med.

  2. Diskuter kva oppgåver som kan vere relevant for lærlingen å starte med 
    Vurder kva føresetnader ein treng for å utføre arbeidsoppgåva. Nokre arbeidsoppgåver krev høgare faglege kvalifikasjonar og kan først utførast av ein lærling mot slutten av læretida, medan andre oppgåver er meir kjende for lærlingen til dømes frå opplæringa i skule og praksis i faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF).
    Diskuter også om arbeidsoppgåvene har relevans for arbeid med faget i andre bedrifter i bransjen. Bidrar arbeidsoppgåvene til fagleg utvikling over tid? 

  3. Drøft kva lærlingen/-ane kan lære gjennom arbeidet med dei ulike oppgåvene. 
    Punkta de set opp her, kan ofte vere meir konkrete og på den måten kanskje meir forståelege for lærlingen (-ane) enn kompetansemåla i læreplanen.

  4. Vel ut arbeidsoppgåver som er tydelege.
    Vis kva lærlingen kan arbeide med i dykkar bedrift innanfor rammene i læreplanen i faget.

  5. Vurder arbeidsoppgåvene opp mot kompetansemåla i læreplanen. 
    Merk av kva kompetansemål som kan bli nådd gjennom dei ulike arbeidsoppgåvene. Ofte er fleire kompetansemål representert i ei arbeidsoppgåve, jf. definisjon på kompetanse : evne til å meistre komplekse oppgåver og utfordringar.

  6. Knyt interne krav (kvalitetsstandardarar, prosedyrar, rutinar osv.) til arbeidsoppgåvene. 
    Gi lærlingen opplæring etter interne kvalitetsstandarar, prosedyrar og rutinar. Interne krav til oppgåvene er eit godt utganspunkt for vurdering av lærlingen sitt arbeid og kompetanseutvikling.

  7. Drøft instruksjons- og rettleiingsbehov knytt til dei ulike arbeidsoppgåvene. 
    Nokre bedrifter krev interne sertifikat eller godkjenningar før ein kan utføre enkelte arbeidsoppgåver sjølvstendig eller i gruppe.

  8. Lag utkast til ein framdriftsplan dersom det er mogleg. 
    I serviceyrke og tenesteytande næringar er ikkje dette alltid like lett, fordi mange av arbeidsoppgåvene der blir utført meir eller mindre jamleg.
    Når tenkjer de at lærlingen kan få opplæring i dei ulike arbeidsoppgåvene? Kven skal være instruktør eller rettleiar til dei ulike arbeidsoppgåvene?
    Arbeidet med framdriftsplan vil bidra til å sikre heilskap og samanheng mellom arbeidsoppgåvene og ein god progresjon i opplæringa.

  9. Bli einig om korleis de ønskjer at lærlingen skal dokumentere arbeidet med arbeidsoppgåvene. 
    Vurder om lærlingane skal følgje alle  rutinane til bedrifta, eller om det skal stillast eigne krav til lærlingen sin dokumentasjon.

  10. Ha rutinar for når og korleis ein gjennomfører vurderingsarbeidet med lærling, lærekandidat og praksisbrevkandidat
    Det er viktig at bedrifta lagar seg gode rutinar for vurderingsarbeidet. Løpande vurdering i kvardagen, etter gjennomførte arbeidsoppgåver og den lovpålagde halvårsvurderinga med halvårsamtale, er grunnlaget for læring og utvikling av heilskapleg fagkunnskap for lærlingen.

God informasjon og dialog med lærlingen er viktig for å lukkast i eit godt læreløp.