Vidaregåande opplæring for minoritetsspråklege
Kva opplæring du kan få avheng av situasjonen din og den tidlegare skulegangen din.
Er du under 16 år?
Er du under 16 år må du gå i grunnskule. Dette kan kommunen du bur i hjelpe deg med.
Finn kommune og kontaktinformasjon
Er du over 16 år?
Er du over 16 år og har 9 år i grunnskule eller tilsvarande kan du starte i vidaregåande opplæring.
Meir om vidaregåande opplæring i Noreg finn du på vilbli.no
Utan grunnskule
Dersom du er over 16 år og ikkje har 9 år i grunnskule må du ta kontakt med kommunen din.
Er du 19 år eller eldre?
Er du 19 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning kan du søke vidaregåande opplæring for vaksne. Du må ha 9 år grunnskule eller tilsvarande for å kunne søke på dette tilbodet.
Det norske utdanningssystemet
Det kan vere vanskeleg å finne fram i det norske utdanningssystemet når du berre har budd i Noreg i kort tid.
På nettsida Utdanning.no finn du ein oversikt og meir informasjon som kan hjelpe deg.
Språknivå i norsk og val av opplæring
Har du budd kort tid i Norge og kan lite norsk? Då treng du kanskje språkleg støtte og tilrettelegging, særleg dei første åra i vidaregåande opplæring.
På vilbli.no kan du lese meir om kva rettar du har til språkstøtte og tilrettelegging når du begynner på opplæringa (særskilt språkopplæring).
Før du søkjer må du finne ut:
1) Kor god du er i norsk
2) Korleis dette vil påverke vidaregåande opplæring for deg
Vestland fylkeskommune bruker Det europeiske rammeverket for kartlegging av språkferdigheiter.
Rammeverket beskriv ferdigheiter på seks nivå:
C1 og C2 | Avansert nivå |
B1 og B2 | Sjølvstendig nivå |
A1 og A2 | Basisnivå |
Førebuande tilbod
Er du på nivå A1 eller A2 i norsk bør du velje førebuande tilbod, der du kan få meir norskopplæring og/eller grunnskuleopplæring , før du begynner på første året i vidaregåande skule (Vg1).
Vi har to førebuande tilbod: Kombinasjonsklasse og Innføringskurs.
Ordinær vidaregåande opplæring
Er du på nivå B1 og B2 i norsk kan du søke vanleg vidaregåande skule. Du kan likevel få språkleg støtte og tilrettelegging. Du får meir informasjon om dette når du startar på skulen.
Les meir om korleis du søkjer på sida vår Søknad og inntak.
Er du usikker på kva nivå du er på i norsk?
Ta kontakt med skulen eller kommunen din, der du får norskopplæring i dag, og be om å få ta ein språkprøve.