Innføringskurs
Tilbodet Innføringskurs er for minoritetsspråklege søkjarar som har rett til vidaregåande opplæring, men som ikkje har gode nok norskkunnskapar til å følgje opplæringa i eit ordinært utdanningsprogram
Kvifor ta innføringskurset?
Her får du opplæring som skal førebu deg på innhald og nivået på første året i vidaregåande skule (Vg1). Det blir lagt stor vekt på å styrkje kompetansen i norsk gjennom alle fag.
Innføringstilbodet skal gjere det enklare for deg å følgje opplæringa i Vg1, og det passar både for deg både om du har planar om å begynne på studieførebuande eller yrkesfag.
Slik søkjer du
Registrer søknad på Vigo.no
- Vel utdanningsprogram "Førebuande kurs for minoritetsspråklege"
- Vel "uspesifisert skule"
- Fyll ut digitalt vedleggskjema og last opp nødvendig dokumentasjon.
Kven kan søkje?
Føresetnaden for inntak er at du har grunnopplæring frå heimlandet eller vitnemål frå norsk grunnskule.