Privatskular
Vestland fylkeskommune har på nokre område ansvar for å sikre at elevar i godkjende privatskular får oppfylt sine rettar etter lova.
Fylkeskommunen har ansvar for saksbehandlinga av søknadar for elevar i privatskular på følgjande område:
- Retten til personleg assistanse etter opplæringslova § 11-4
- Retten til fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel etter opplæringslova § 11-5
- Retten til individuelt tilrettelagd opplæring etter opplæringslova § 11-6
- Retten til særskilt språkopplæring etter privatskolelova § 3-5 og opplæringslova § 6-5.
Dersom du må ettersende dokumentasjon til saksbehandlinga av din rett til individuell tilrettelegging, ber vi deg om å bruke eDialog.
Om individuell tilrettelegging i privatskular
Fylkeskommunen har ansvar etter lova å sikre elevar i privatskular individuell tilrettelegging i skulen. Privatskulane har ansvar for å avdekke behov om individuell tilrettelegging og melde frå om behovet. Samstundes har dei ansvar for å følgje opp elevar og sjølve gjennomføringa av den individuelle tilrettelegginga.
Etter privatskolelova § 3-6 har elevar i privatskular same rett til individuell tilrettelegging som elevar i offentlege skular. Difor gjeld reglane om individuell tilrettelegging i opplæringslova §§ 11-4 til 11-11 tilsvarande for privatskular.
Det er heimfylket til elev i privatskule som har ansvar for å fatte enkeltvedtak om individuell tilrettelegging.
Retten til personleg assistanse eller fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel
Dersom eleven treng individuell tilrettelegging etter opplæringslova § 11-4 (personleg assistanse) eller § 11-5 (fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel), er det som hovudregel ikkje nødvendig med ei tilvising til PP-tenesta for sakkunnig vurdering.
Fylkeskommunen treng likevel eit forsvarleg grunnlag før det blir fatta enkeltvedtak, og kan difor be om til dømes legeerklæringar som dokumentasjon for eleven sitt behov.
Retten til individuelt tilrettelagd opplæring
Dersom eleven treng individuelt tilrettelagd opplæring etter opplæringslova § 11-6, er det eit krav om sakkunnig vurdering frå PP-tenesta før enkeltvedtak blir fatta. I desse tilfella må elev først tilvisast til PP-tenesta for ei sakkunnig vurdering. Dersom eleven i tillegg treng individuell tilrettelegging etter opplæringslova §§ 11-4 og 11-5, må PP-tenesta gjera ei heilskapleg vurdering av eleven sitt behov i den sakkunnige vurderinga.
Når sakkunnig vurdering er ferdig utarbeida, må det sendast søknad om individuelt tilrettelagd opplæring til fylkeskommunen. Den sakkunnige vurderinga og samtykkje til enkeltvedtak må leggjast ved søknaden. Samtykkeskjema til enkeltvedtak kan lastast ned for signering, eller det kan nyttast digital samtykkeskjema dersom den som skal gi samtykke loggar inn med godkjend ID.
Dersom det er openbert at ein elev ikkje kan få eit tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, og eleven allereie er tilvist til PPT, kan fylkeskommunen unntaksvis vurdere eit enkeltvedtak før ei gyldig sakkunnig vurdering ligg føre. Eit slikt enkeltvedtak gjerast på grunnlag av anna tilgjengeleg dokumentasjon om eleven sitt behov, og har til føremål å sikre eleven eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa fram mot ei ny sakkunnig vurdering og enkeltvedtak ligg føre.
Om særskilt språkopplæring i privatskular
Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring til dei kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa.
Særskild språkopplæring skal omfatte forsterka opplæring i norsk og, om det trengst, morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar. jf. opplæringslova § 6-5, og privatskolelova § 3-5.
Opplæringa kan bli gitt i norskfaget, etter annan læreplan, eller i form av tilpassing innafor ordinær læreplan.
Retten til forsterka opplæring i norsk gjeld også på års trinn der eleven ikkje har opplæring i faget norsk.
Dersom det er vurdert å vere til det beste for eleven, kan skulen organisere opplæring i eigne grupper, t.d. etter læreplan for elevar med kort butid i Noreg.
Rutine og søknad
Vestland fylkeskommune har utarbeidd ei rutine for korleis saksbehandling kring særskild språkopplæring i vidaregåande privatskular skal gå føre seg. Utifrå rutinen skal dei private vidaregåande skulane sende ein søknad til Vestland fylkeskommune. Elevar som skulen ser kan ha behov for særskilt språkopplæring skal samtykke til at skulen sender søknad.
Lenke til søknadsskjema ligg under «Søk særskilt språkopplæring» på denne nettsida.
Kartlegging og enkeltvedtak
Fylkeskommunen har ansvar for å kartlegge kva kunnskap elevane har i norsk, og fatte enkeltvedtak for kvar elev om særskilt språkopplæring. Vedtak kan berre fattast for eitt år om gongen.
Informasjon og vurdering
Det er privatskulen sitt ansvar å informere eleven/dei føresette om retten til særskild språkopplæring og kva eit slikt vedtak inneber. Privatskulen skal jamleg vurdere om eleven som har vedtak om særskild språkopplæring kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa, og gi beskjed til Vestland Fylkeskommune om dette.
Refusjonskrav
Etter at enkeltvedtak for eleven/elevane er fatta, blir det sendt ut eit vedtak til skulane om tildeling av midlar til opplæring i særskilt språkopplæring i norsk med spørsmål til skulane om å sende eit refusjonskrav til oss. Refusjonskravet må innehalde ei oversikt over namn på elevar, timar undervisning per veke, tal veker undervisninga har gått føre seg (inntil 38 veker per skoleår. 16 veker haust, 22 veker vår).
Skulen kan krevje å få dekka inntil to timar opplæring i veka for kvar elev. Kravet skal sendast til fylkeskommunen ved bruk av kravskjema som finst i lenke i vedtaket om tildeling av midlar.
Skulen sender samtidig ein faktura for refusjonskravet som skal sendast til fakturaadresse: EHF 821311632 merka med ressurs nr. 24975 to gonger pr. undervisnings år.
Fristen for å sende refusjonskrav og faktura for undervisningsåret er sett til semesterslutt kvart år.
Meir om elevgruppa, lovverk og rettar
Temaside – minoritetsspråklige elever I Udir.no
Om særskilt språkopplæring I Udir.no
Rutinar for saksbehandling og samhandling mellom Vestland fylkeskommune, elev og skule
- Rutine for saksbehandling av personleg assistanse og fysisk tilrettelegging i privatskular (.pdf)
- Rutine for saksbehandling av individuelt tilrettelagd opplæring i privatskular (.pdf)
- Retningslinjer og rammeverk for saksbehandling av individuell tilrettelegging i privatskule (.pdf)
- Mal - Samtykkeskjema for enkeltvedtak om individuelt tilrettelagd opplæring
- Behandling av klager på vedtak om spesialundervising for elevar i privatskular (.pdf)
- Behandling særskilt språkopplæring for elevar i privatskular (.pdf)
Tilvising til PPT
Dersom du må tilvisast til PPT for ei sakkunnig vurdering, kan du finne meir informasjon og digital skjema for tilvising på nettsida vår.
Dersom du ikkje har moglegheit til å bruke digital skjema kan du bruke alternativ tilvising til PPT (.pdf)