Klage på eksamenskarakter, standpunktkarakter og karakter i orden og oppførsel
Som elev i vidaregåande skule kan du klage på eksamenskarakter, standpunktkarakter og karakter i orden og åtferd.
Dette kan du klage på
Du kan klage på korleis standpunktkarakteren i fag eller orden og oppførsel er fastsett. Du kan også klage på vedtak om at du ikkje får talkarakter i standpunkt (IV). Dersom du har hatt munnleg, munnleg-praktisk eksamen og kan du klage på formelle feil med gjennomføringa som du meiner har påverka resultatet.
På skriftleg eksamen kan du klage på eksamenskarakteren.
Klagefrist og hurtigklagefrist
Klagefristen er ti dagar frå du fekk vedtaket om standpunktkarakter.
Dersom du ønskjer at klagen din skal behandlast før sommarferien, må du sende klagen innan desse datoane:
- Skriftleg eksamen: måndag 23. juni kl. 12 (sjå kva fag fag som har hurtigklage i tekstboks lenger nede på sida)
- Standpunkt, IV, orden og oppførsel og ikkje-skriftleg eksamen: fredag13. juni kl. 12
Det er lurt å snakke med faglærar før du sender inn klage.
Korleis skal du klage
Standpunkt, IV, orden og oppførsel og ikkje-skriftleg eksamen
- Bruk klageskjemaet på denne sida
- Gjer greie for kva reglar du meiner ikkje er følgde
Skriftleg eksamen
- Registrer klagen i Visma In School
- Gå til vurderingar, bak karakteren er det ein klageknapp
Kva du ikkje kan klage på
Du kan ikkje klage på sjølve standpunktkarakteren eller eksamenskarakteren på munnleg, munnleg-praktisk eller praktisk eksamen. Du kan heller ikkje klage på undervegsvurdering.
Du har rett på grunngjeving før du klage
Vi tilrår at du ber om grunngjeving før du klagar. Når du tek kontakt med skulen din om grunngjeving, blir den nye klagefristen ti dagar etter at du fekk grunngjevinga.
Du har ikkje rett på grunngjeving før du klagar på skriftleg eksamen. Det kan likevel vere lurt å rådføre seg med faglærar før du klager på karakteren på skriftleg eksamen.
Statsforvaltaren skal behandle klagen din
Klage på standpunkt
Faglærar skal skrive ein uttale der han gjer greie for korleis vedtaket om standpunktkarakter blei fatta. Han skal særleg legge vekt på punkta du tek opp i klagen din. Faglærar skal gjere greie for kva som har vore vektlagt i vurderinga og korleis du har gjort kjend med dette.
Klage på vedtak om ikkje å fastsette standpunktkarakter (IV)
Dersom du har fått IV på grunn av stort fråvær, skal faglærar gjere greie for fråværet ditt og fråværsgrensa i faget.
Dersom du har fått IV fordi faglærar ikkje har vurderingsgrunnlag, skal faglæraren din skrive ein uttale der han vurderer kompetansen din i faget opp mot kompetansemåla og kva delar av faget du manglar vurderingsgrunnlag i og kvifor du manglar vurderingsgrunnlag.
Klage på orden eller oppførsel
Kontaktlærar og rektor skal grunngje kvifor du ikkje har fått karakteren God. Dei skal beskrive ordenen eller oppførselsn din opp mot skulereglane og kva tiltak skulen har gjort for at du skulle rette på ordenen eller oppførsel din.
Klage på ikkje-skriftleg eksamen
Sensorarne skal skrive ein uttale om gjennomføringa av eksamen. Dei skal særleg legge vekt på det du tek opp i klagen.
Skulen sender klagen til Statsforvalten
Dersom du har klaga på standpunktkarakter, IV, orden eller oppførsel eller ikkje-skriftleg eksamen, skal skulen sende klagen vidare til Statsforvaltaren. Saman med klagen skal dei sende uttalen frå faglærar, kontaktlærar eller sensor. Skulen skal også skrive ei eiga vurdering av klagen og stadfesta at reglane er følgde.
Du får kopi av det skulen sender til Statsforvaltaren.
Klage på skriftleg eksamen
To nye sensorar oppnemnt vil vurdere eksamenssvaret ditt. Dersom dei meiner at karakteren du fekk ikkje er rimeleg, kan dei justere karakteren. Resultatet av klagebehandling kan bli du får betre karakter, dårlegare karakter eller uendra karakter.
Skulen kan endre standpunktkarakteren din
Hvis skulen meiner at dei ikkje har følgt reglane for fastsetting av standpunktkaraterar då dei fastsette standpunktkarakteren du klagar på, kan dei endre den til gunst for deg. Det betyr at skulen gir deg ein betre standpunktkarakter. Dersom skulen gir deg betre karakter, skal dei ikkje sende klagen vidare til Statsforvaltaren. Du har klagerett på den nye karakteren.
Dersom skulen meiner at dei ikkje meiner at du ikkje kan få ein betre karakter, skal dei sende klagen vidare til Statsforvaltaren.
Når og kvar får du svar på klagen
For klage på standpunkt, orden og åtferdig, ikkje vurdering og ikkje-skriftleg eksamen
- Alle skal ha fått svar i løpet av august.
- Svar på klagar som har vore behandla som hurtiklage kjem innan 27. juni.
Klagar på skriftleg eksamen
- For våreksamen 2025 vil du få svar på klage innan 10. september 2025.
- Svar på klagar som har vore behandla som hurtigklage kjem i løpet av veke 26.
- Svar på klage finn du i VIS (Visma InSchool).
- Du får inga grunngjeving.
Kva utfallet av klagen kan bli
Statsforvaltaren skal ikkje ta stilling til om du har fått rett karakter eller ikkje, men vurdere om retningslinjene blei følgde då skulen sette karakteren. Statsforvaltaren kan kome til ulike resultat:
- Ikkje medhald: Statsforvaltaren meiner at det vedtaket om sluttvurdering er fatta på rett måte
- Medhald: Statsforvaltaren meiner at det har skjedd sakshandbehandlingsfeil og opphevar sluttvurderinga. Klagen blir sendt tilbake til skulen din som fattar nytt vedtak om standpunktkarater.
Dersom du får medhald i klagen på ikkje-skriftleg eksamen, skal karakteren annulerast. Du vil har då rett til å gå opp til ny eksamen. Dersom du gå opp til eksamen på nytt, skal du få nye sensorar.
Vedtaket til Statsforvaltaren er endeleg. Du kan ikkje klage på det.
Dersom klagenemnda meiner at vilkåra for å klage ikkje er til stades, kan nemnda avvise klagen din og fatte eit avvisingsvedtak.
I saker som gjeld klage på orden og oppførsel er det Statsforvaltaren som fastset endeleg karakter.
Nytt vedtak om standpunktkarakter
Dersom statsforvaltaren gir deg medhald i klagen på fastsetting av standpunktkarakter, skal skulen fatte eit nytt vedtak om standpunktkarakter. Det kan vere:
- Same karakter som før
- Ein betre karakter
- Ein dårlegare karakter
Skulen skal grunngje det nye vedtaket. Dette vedtaket er endeleg og du kan ikkje klage på det. Den nye standpunktkarakteren blir ført på vitnemålet ditt.
Skriftlege eksamenar med hurtigklagebehandling våren 2025
Det er hurtigklagebehandling for desse faga:
- norsk
- matematikk
- fysikk
- kjemi
- biologi
- teknologi og forskingslære
- kommunikasjon og kultur
- medie- og informasjonskunnskap
- treningslære 2
- engelsk
- tysk
- fransk
- spansk
- rettslære
- samfunnsøkonomi
- marknadsføring og leiing
- entreprenørskap og bedriftsutvikling
- sosialkunnskap
- politikk og menneskerettar
- informasjonsteknologi
- økonomistyring
- økonomi og leiing
- historie og filosofi
- reiseliv og språk
- psykologi
- mediesamfunnet 3
Regelverk
Reglane om sluttvurdering og klage på sluttvurdering finn du i Opplæringsforskrifta.
Reglar for sluttvurdering
- § 9-15 Sluttvurdering i fag
- § 9-16 Standpunktkarakterar i fag
- § 9-17 Standpunktkarakterar i orden og i oppførsel
Reglar om klage på sluttvurdering
- § 10-2 Klagefristar
- § 10-3 Rett til grunngiving for karakteren
- § 10-4 Klage på fastsetjing av standpunktkarakter i fag
- § 10-5 Klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag
- § 10-6 Klage på standpunktkarakter i orden og i oppførsel
- § 10-7 Klage på karakter ved skriftleg eksamen
- § 10-8 Klage på gjennomføringa av munnleg eksamen og eksamen som ikkje berre er skriftleg eller munnleg
Er du elev på ein privat skule?
Dersom du er elev på ein privat vidaregåande skule skal du sende klagen til skulen din.