For nokre er tannlegen det dei fryktar aller mest

Ein tannlegetime er rutine for mange. Men dersom du har sterk angst, kan det vere vanskeleg å gå til tannlegen i det heile. Det kan få konsekvensar både for tannhelsa og for korleis du har det i kvardagen.

En mann står i en døråpning og vi ser inn i et rom med en tannlegestol.
TkVestland har eit tilbod for vaksne med sterk angst for tannbehandling. Psykologspesialist Torgeir Farsund Thorrud er ein av dei som arbeider med angstbehandling gjennom TOO-tilbodet. Foto: Veronica Helle, TkVestland

– Det kan vere skamfullt å vere vaksen og ikkje få til å gå til tannlegen. Du tør kanskje ikkje å bore eller få bedøving, seier Torgeir Farsund Thorrud, psykologspesialist ved TkVestland.

Han møter vaksne som har sterk angst for tannbehandling.

Frykta kan vere knytt til smerte, tidlegare dårlege erfaringar, tap av kontroll eller redsle for kva tannlegen skal finne.

Og jo lenger du ventar, desto høgare kan terskelen bli.

Tennene påverkar kvardagen

Tannlegeskrekk kan føre til at du utset nødvendige undersøkingar og behandling. Samstundes kan dårleg tannhelse føre til smerter og problem i kvardagen.

Det kan også påverke korleis du har det med deg sjølv.

Ei knekt eller manglande tann kan gå ut over sjølvbiletet og sjølvtilliten. Nokre kan bli mindre sosiale fordi dei skammar seg over tennene sine.

– Tannhelsa er viktig for sosial fungering. Dårleg tannhelse kan gjere det vanskelegare å fungere i arbeidslivet, mellom anna fordi skamkjensle kan føre til at ein unngår å møte på jobb. Når tannhelsa blir betre, kan det også gi auka sjølvtillit og betre fungering i arbeidskvardagen, seier Thorrud.

For nokre stoppar det ikkje ved tannlegen. Når ein har det vanskeleg, kan også dei daglege rutinane bli krevjande.

Det kan vere vanskeleg å finne energi til å pusse tennene, bestille tannlegetime eller følgje opp behandlinga. Grubling, depresjon eller angst kan gjere at tannhelsa blir nedprioritert.

Økonomi kan også spele inn. Har du dårleg råd, kan det vere naturleg å prioritere barna framfor deg sjølv, medan eiga tannbehandling blir utsett. Dersom du samtidig er redd for tannlegen, kan terskelen bli endå høgare.

Du kan seie stopp

For den som gruar seg, har Thorrud nokre enkle råd.

Det første er å fortelje tannbehandlaren at du er redd.

– Det er ikkje alltid lett å sjå på utsida at nokon er redde. Derfor er det viktig å seie frå, seier han.

Du og tannbehandlaren kan også avtale eit stoppsignal. Det kan til dømes vere å løfte handa dersom du treng ein pause.

Det er også lov å stille spørsmål undervegs.

– Spør om ting du ikkje forstår. Og hugs å puste, seier Thorrud.

Han minner om at tannlegar møter mange ulike tannhelseproblem.

– Tannlegen har sett mykje forskjellig.

Samtidig er det viktig å gå regelmessig til tannbehandlar for å førebyggje problem.

Det finst hjelp

Litt uro før tannlegetimen er vanleg, men for enkelte blir angsten så sterk at dei heilt unngår tannbehandling.

Då finst det hjelp.

TOO-tilbodet er eit tilbod for vaksne med sterk angst for tannbehandling. Tilbodet finst over heile landet.

Angstbehandlinga har ingen eigenandel. Sjå nettsida til TkVestland for informasjon om kva tannbehandling som blir dekka etter avslutta angstbehandling.

Du kan ta kontakt sjølv eller be tannbehandlaren din om å tilvise deg.

Thorrud meiner det viktigaste er å ta det første steget.

Det treng ikkje vere å gjennomføre ei behandling.

Det kan vere å bestille ein time.

Eller berre å seie:

– Eg er redd.

Høyr også Torgeir F. Thorrud snakke om tannlegeskrekk på God morgon Hordaland (07.10.26).