TOO-tilbod – Angstbehandling for vaksne (odontofobi / tannlegeskrekk)

Har du sterk angst for tannlegebehandling, kan du få hjelp gjennom eit tverrfagleg spesialisert behandlingstilbod.

TOO er forkorting for tortur, overgrep og odontofobi-tilbodet er eit behandlingstilbod for personar med sterk angst for tannbehandling, det vi kallar odontofobi. Angstbehandlinga blir gitt av eit tverrfagleg team beståande av tannlege, tannpleiar, tannhelsesekretær og psykolog.

Kva går behandlinga ut på?

Behandlinga går ut på gradvis og systematisk øving på dei situasjonane som skjer i ein tannbehandling. Du får god informasjon om kva som skal skje, og det blir lagt vekt på forutsigbarheit og moglegheit til å påverke situasjonen undervegs. Du øver gradvis på situasjonar i tannbehandlinga, slik at du etter kvart kan tole meir av det som kjennest vanskeleg og gjennomføre behandling. Målet er å skape nye erfaringar som kan bidra til ei endra oppleving av tannbehandlingssituasjonen.

Vanlege utfordringar kan vere frykt for smerte, til dømes ved bedøving eller boring, ubehag knytt til nærleik eller berøring, eller ei oppleving av å ikkje kunne påverke det som skjer i behandlingssituasjonen. Gjennom tilpassa øving og samarbeid mellom psykolog og tannhelsepersonell kan du gradvis meistre desse situasjonane.

Målet er at du skal kunne ta vare på di eiga munn- og tannhelse og meistre ordinær tannbehandling

Etter fullført angstbehandling i TOO-team får du tilbod om nødvendig tannbehandling hos allmennpraktiserande tannlege. Nokre typar behandling blir dekka gjennom ordninga.

Kven kan få behandling?

TOO-tilbodet er for personar over 18 år med sterk angst for tannbehandling. Målgruppa er pasientar som har så sterk angst for tannbehandling at det kan vere vanskeleg å gjennomføre vanleg tannbehandling. Slik angst kan ha ulike årsaker. For mange heng den saman med tidlegare negative erfaringar med tannbehandling, traume eller overgrep. Hos andre kan angst for tannbehandling vere knytt til andre psykiske lidingar eller generelle angstplager

For å få TOO-tilbodet må du:

  • ha vesentlege problem med å gå til tannbehandling grunna tannbehandlingsangt
  • sjølv ønske om å få psykologisk behandling for angsten eller manglande meistring i tannbehandlingssituasjonen
  • ha evne til delta aktivt i behandlinga og få nytte av den tilrettelagde tannbehandlinga.

Treng du akutt tannbehandling?

TOO tilbyr ikkje akutt tannbehandling. Dersom du har behov for akutt tannbehandling må du kontakte ein ordinær tannlege. Vi kan ved behov formidle informasjon om samarbeidande tannlegar du kan henvende deg til. Dersom du står på venteliste til TOO-tilbodet, og ikkje enda er inkludert i ordninga, må du dekke utgifter til akutt tannbehandling.

Kva består behandlinga av?

Behandlinga består av ein kartleggingssamtale med psykolog og inntil 12 timar med angstbehandling hos tannlege.

All behandling startar med ein samtale med psykolog der vi kartlegg problem knytt til angst for tannbehandling, og der du får informasjon om angstbehandlinga. Samtalen med psykolog tar vanlegvis ca. 1 time. Samtalen skjer i eit vanleg rom utan tannlegeutstyr.

Deretter fortset angstbehandlinga hos ein tannlege eller tannpleiar.  Vanlegvis skjer dette veka etter. Psykolog kan vere med i eksponeringsbehandlinga hos tannlegen ved behov. Behandlinga skjer gradvis ved at behandlarane forklarer, demonstrerer og utfører delar av angstbehandlinga og tannbehandling i små “porsjonar”, slik at du har oversikt over kva som skjer.

I angstbehandlinga er målet først og fremst å arbeide med angsten gjennom gradvis øving og eksponering. Det er ikkje eit mål å gjere mest mogleg tannbehandling på kort tid.

Når du gradvis får nye erfaringar med situasjonar som tidlegare har vore vanskelege, kan reaksjonane i hjernen sitt fryktsystem endre seg. Erfaring og forsking viser at fobiar er lærte reaksjonar, og at unngåing er med på å halde frykta ved lag. Når du får øve på situasjonane på ein gradvis måte, kan hjernen lære nye måtar å reagere på.

Regelmessig oppmøte er derfor ein viktig del av behandlinga, slik at du kan byggje vidare på erfaringane frå time til time.

Etter fullført angstbehandling får du tilbod om tannbehandling og vidare oppfølging hos tilvisande tannlege eller tannbehandlarteam i TOO.

Kor lenge varer behandlinga?

Angstbehandlinga hos det tverrfaglege teamet er ei kortvarig intensiv behandling med makslengde på 6 månadar. Behandlinga inkluderer opp til 12 konsultasjonar hos angstbehandlar.

Tannbehandling som blir dekka hos allmenntannlege etter angstbehandling har ei maksimal varigheit på 12 månader. Det er kun sjukdom registrert ved start av behandlinga som dekkast.

Du er ferdig i TOO når tannbehandling av infeksjonar og sjukdom er fullført. Du vil få hjelp til å finne ein fast tannbehandlar å gå til dersom du ikkje allereie har avtalt vidare oppfølging hos tannlegen du har gått til som TOO-pasient. Du vil no måtte dekke utgifter til vidare oppfølging og tannbehanding sjølv. Du kan ta kontakt med TOO-tilbodet for oppfriskingstimar hos angstbehandlar ved behov. Sjølve angstbehandlinga vil framleis vere gratis. 

Kva kostar behandlinga?

Angstbehandlinga er gratis og blir dekka av tilskotssmidlar frå Helsedirektoratet.

Etter fullført angstbehandling i TOO-team, får du tilbod om å få utført noko nødvendig tannbehandling hos allmennpraktiserande tannlege. Dette kan vere behandling av tannkjøttssjukdom, tannfyllingar og rotfyllingar. Enkle lause protesar blir også dekka.

Andre meir omfattande erstatningar for tapte tenner, som tannimplantat og bruer, må du i hovudsak dekke sjølv. Det same gjeld kjeveortopedisk behandling. Tannbehandlinga du får dekka er ein start for å komme i gang hos tannlegen som vi håpar blir din tannlege i framtida.

Slik går du fram for å få behandling

Du kan anten sjølv ta direkte kontakt med aktuell tverrfagleg TOO-team, eller be tannlege, fastlegen, psykolog eller anna helsepersonell om tilvising til TOO-tilbodet.

Tannklinikkar med TOO-tilbod i Vestland

Tilvisinga må innehalde:

  • Pasienten sitt namn, adresse, telefonnummer, og fødselsnummer
  • Relevante kliniske og sjukehistoriske opplysningar
  • Klinisk diagnostisk problemstilling

For private tannlegar

Send fullstendig tilvising til: 
Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland
Postboks 2354 Møllendal
5867 Bergen. 

Om du også ønskjer å ta imot nye pasientar frå TOO for tannbehandling, kan du inngå avtale som privat tannbehandlarteam i TOO.

For tilsette i tannhelsetenesta

Send tilvisinga kan som e-post med journalnummer på pasient, med ei kort problemstilling til odontofobiteambergen@vlfk.no

I Opus lagar tilvisande tannlege klar fullstendig tilvising.