Planar under arbeid

Vestland fylkeskommune skal lage to nye, regionale planar: Regional plan for areal og mobilitet og Regional plan for verdiskaping og kompetanse.

Desse planarbeida er ein del av oppfølginga av Utviklingsplan 2024–2028, som fylkestinget vedtok i desember 2024.

Planarbeida skal ta for seg nokre av det største utfordringane for å få til ei berekraftig samfunnsutvikling. Planane vil bidra til å setje retning for utviklinga og samordne innsats og planlegging i statlege organisasjonar, kommunar og fylkeskommunen. Dei skal vise korleis samfunnsaktørar kan samarbeide for å skape nye moglegheiter for Vestland.

Det er eit mål at dei nye planane skal erstatte fleire vedtekne planar. Kva for planar vert avklara i prosessen. Alle vedtekne planar i Vestland vil fortsetje å gjelde under planarbeida og inntil dei vert oppheva.

Regionale planar vi jobbar med no

Tema for dei nye planarbeida

Dei to planarbeida skal bidra til å utvikle berekraftsarbeidet i fylket. Planarbeida skal gjere oss i betre stand til å sjå samanhengar og nå mål på tvers av sektorar og tenesteområde. Dei nye planane skal same oppgåver som i dag er fordelte på ei rekke meir sektorretta planar under eitt.

Invitasjon til samarbeid

Vestland fylkeskommune legg stor vekt på samarbeid i samfunnsutviklinga. Vi veit at ingen i Vestland kan klare å løyse utfordringane og finne utviklingsmoglegheitene framover aleine. Vi  inviterer alle som er interesserte, til å delta aktivt i planlegginga. Vi trur at eit mangfaldet av innspel og erfaringar vil vere avgjerande for å lage realistiske og gode planverk som kan møte ulike behov.