Senterstruktur og stadutvikling i kommunal planlegging

Vestland fylkeskommune vil styrke kvaliteten ved byar og tettstader som vitale handelsstader og gode, trygge og vakre møtestader for kulturelt og sosialt samvær. Byar og tettstader er viktige knutepunkt i kommunane både funksjonelt, økonomisk, sosialt, og kan fungere som eit samlande symbol for ein kommune.

For tida gjeld dei vedtekne senterplanane frå gamle Sogn og Fjordane og Hordaland, og gir føringar for omsynet til temaet. Det er satt i gong arbeid med ein ny regional plan for senterstruktur og berekraftige lokalsamfunn.

Hovudmålet i senterplanen er at Hordaland skal ha eit nettverk av attraktive senter som fremjar livskvalitet, robust næringsliv og miljøvenleg transport.

Sentera skal tilrettlegge for vekst i heile fylket og skal utformast slik at dei er attraktive å vere, bu og drive næring i. Dei skal ha eit mangfald av tenester, arbeidsplassar, fritids- og kulturtilbod tilpassa senteret sitt nivå i senterstrukturen. Handelsverksemd må vere dimensjonert etter nivå i senterstrukturen.

Senterstruktur

Kommunane skal gjennom kommuneplanarbeid innarbeide ein senterstruktur i samsvar med regional plan. Sentrumsutstrekning skal fastsetjast i kommune(del)plan eller reguleringsplan for sentrum. Sentrumsområde skal planleggjast heilskapleg gjennom områdeplanlegging i offentleg regi.

Attraktive senter

Fleirfunksjonelle og attraktive tettstader kan vere med og sikre arbeidsplassar, nyetableringar, busetjing, tilflytting og auka livskvalitet. Stadutvikling er viktig verkemiddel for å skape gode lokalsamfunn og buområde, og for samordna areal- og transportplanlegging.

For å sikre kvalitet i sentrumsområde bør ein gjennomføre stadanalyser og/eller muligheitsstudiar i samarbeid med innbyggjarane, næringsdrivande og liknande som medspelarar. Dette kan gå som ein del av kommuneplanprosessen, eller i førebuinga av kommunedel- eller områdeplanar.

Utbyggingsstruktur

Ein bør sikre ein relativt tett, urban utbyggingsstruktur med offentlege gater og plassar, og med aktivitetar som er synlege frå gateplan. Mangfald gjennom funksjonsblanding og fleire typar og storleik av husvære kan gje meir allsidige, oversiktlege og levande sentrumsmiljø over større delar av døgeret. Det same gjeld ved god tilrettelegging for fotgjengarar og syklistar.

Estetisk og arkitektonisk kvalitet i alle nye tiltak vil kunne auke stadens attraktivitet samla sett. Aktiv bruk av kulturminne i stadutvikling kan gi auka trivsel og rom for ny næringsaktivitet. Ivaretaking av mikroklima og grøntstruktur - også i dei urbane romma - kan gi auka trivsel og kvalitet i fellesområde. Dette kan sikrast gjennom gode føresegner.

I regional planstrategi 2016–2020 for Sogn og Fjordane vart det vedteke at det skulle utarbeidast ein «Strategi for tettstadutvikling og senterstruktur». Strategien er laga for å styrke tettstadane våre, og for å utvikle sterkare bu- arbeids- og serviceregionar i det gamle fylket. Analysar av flyttemønsteret i fylket har vore eit viktig grunnlag for strategien. Strategien er tenkt å vere eit grunnlag og styringsverktøy innan regional utvikling.

Målsetjinga for strategien blei drøfta i planutvalet i gamle Sogn og Fjordane i sak 01/17:

  • Strategi for senterstruktur og tettstadsutvikling skal gje Sogn og Fjordane sterkare BAS regionar, med meir attraktive tettstader som utfyller og styrkar kvarandre.

Gjennom prosessen er det utforma retningsliner knytt til følgande:

  • attraktive tettstader
  • attraktive bustadar
  • sterkare bu-, arbeids- og serviceregionar.

Strategien blei vedtatt i fylkestinget 17. april 2018 i sak 9/2018.