Plannettverk - arealdelen til kommuneplanen
Vi inviterer kommunane i Vestland til å delta i plannettverket. Nettverket har fokus på kommuneplanen sin arealdel og er ope for alle kommunane.
Arealdelen er eit verkemiddel for å sikre at arealbruken i kommunen bidrar til å nå dei måla som blir vedtatt for kommunen si utvikling i samfunnsdelen til kommuneplanen.
Krava til planlegging har auka dei seinare åra, og det er mange ulike forhold som skal avklarast i kommuneplanlegginga, både overordna gjennom til dømes berekraftsmåla, klima- og miljøomsyn og ulike sektoromsyn.
Vi ser det som føremålstenleg å invitere til eit nettverk som har fokus på arealdelen til kommuneplanen til hjelp for kommunane. Nettverket vil vere ope for alle kommunane, og det er ikkje sett særlege krav til deltaking. I første omgang vert det lagt opp til webinar, men etter kvart kan nettverket ta andre former. Tilbakemelding frå kommunane om form og innhald vil påverke dette. Statsforvaltaren i Vestland vil også delta.
Vi har etablert ein teamskanal kor innlegg frå tidlegare samlingar vert samla. Som medlem i nettverket får du tilgang til teamet.
Ønsker du å melde deg inn i nettverket, ta kontakt.
I 2026 legg vi opp til tre webinar/digitale samlinger:
- våren 2026, dato kjem. Tema: Vassmiljø i KPA
- 4. juni kl 09–11. Tema: planprosess og siling
- 24. september kl 09–11. Tema: Strandsone
Invitasjon til webinar blir sendt til postmottak i kommunane og til dei som har meldt seg på plannettverket.