Planlegging av handelsareal

Eit godt handelstilbod er ein sentral del i det å skape levande senter.

Inntil vidare gjeld Regional plan for attraktive senter i Hordaland (Senterplanen) for den delen av Vestland som tilsvarar gamle Hordaland. Planen legg til rette for utvikling av attraktive senter som fremjar livskvalitet, robust næringsliv og miljøvenleg transport. For gamle Sogn og Fjordane gjeld Strategi for tettstadutvikling og senterstruktur 2018-2022.

Regional føresegner for gamle Hordaland

Senterplanen inneheld ei regional føresegn for handel som er juridisk bindande for kommunar og private. Etter regional føresegn er det berre tillat med nytt bruksareal for handel i utpeika senter; fylkessenter, regionsenter, kommunesenter, bydelssenter og lokalsenter. 

Når må kommunen søke samtykke?

Ved etablering av handel på meir enn 3000 m2, nytt eller samla, må kommunen søke om samtykke frå fylkeskommunen. For å søke om samtykke er det krav om ei handelsanalyse som skal vise om den nye handelsverksemda ligg i eit utpeika senterområde, og dimensjonert i høve til folketalet i omlandet.  Samtykke er krevd både ved byggjesaks- og detaljplanhandsaming, men vi rår til at areal avsett til handel vert avklart på kommuneplannivå. 

 

Linker til