Vestland må ta nokre store val. No kan du påverke dei
I to nye regionale planar foreslår Vestland fylkeskommune viktige grep for korleis fylket skal utvikle seg dei komande åra. No er planane på høyring, og du kan seie meininga di fram til 1. november.
Slik kan regionale planar påverke kvardagen din
Ein regional plan bestemmer ikkje direkte kva du kan eller ikkje kan gjere. Men han legg føringar for vala fylkeskommunen, kommunane og staten tek, og kan dermed påverke kvardagen din.
Dette kan du merke gjennom:
- Kvar utviklinga skal skje: Planane gir retning for kvar bustader, arbeidsplassar, næringsområde og tenester bør utviklast.
- Korleis du reiser: Vegar, kollektivtransport og andre viktige transportsamband skal sjåast i samanheng med kvar folk bur og jobbar.
- Kva tilbod du har i nærleiken: Sterke regionsenter skal bidra til at folk i heile fylket har tilgang til arbeidsplassar, handel og viktige tenester innan rimeleg reisetid.
- Naturen rundt deg: At vi ikkje bygger ned meir natur enn nødvendig, og at fjord, fjell og matjord framleis er tilgjengeleg for deg og dei som kjem etter.
- Utdanning og jobb: Planane skal bidra til at utdannings- og kompetansetilboda svarar betre på det arbeidslivet faktisk treng – og at fleire kjem inn i og blir verande i arbeidslivet.
- Arbeidsplassar og næringsutvikling: Tilgang på areal, energi, transport og kompetanse skal sjåast meir i samanheng når Vestland legg til rette for nye og eksisterande næringar.
- Utviklinga av kommunen din: Regionale planar skal liggje til grunn når dei planlegg framtidig arealbruk og samfunnsutvikling.
Kort sagt: Dei regionale planane handlar om dei lange linjene – men vala som blir tekne kan etter kvart bli synleg i kvar vi bur, korleis vi reiser, kva vi jobbar med og kva slags tilbod vi har der vi bur.
– No er vi komne til punktet der forslaga til dei to regionale planane ligg klare. Kvar skal vi bu og byggje, korleis skal vi binde fylket saman, og korleis sikrar vi at folk har kompetansen arbeidslivet treng? Dette er val vi må ta saman, og no vil eg at kommunar, næringsliv, organisasjonar og innbyggjarar i heile Vestland seier kva dei meiner, før vi set den endelege kursen, oppmodar fylkesordførar Jon Askeland.
I desse dagar går det ut ei rekkje høyringsbrev til mellom andre kommunar, næringsliv, frivillige lag og organisasjonar, og innbyggjarar. Dei får no høvet til å seie si meining om dei to planforslaga før fylkestinget gjer endeleg vedtak, slik at flest mogleg får sagt sitt før dei store vala om framtidas Vestland vert tekne.
Dette er planane du må meine noko om
Fylkesutvalet vedtok 24. august å legge Regional plan for areal og mobilitet og Regional plan for verdiskaping og kompetanse ut på høyring. Det betyr at kommunar, lag og organisasjonar, næringsdrivande, utdanningsinstitusjonar, ungdomsutval og heilt vanlege innbyggjarar no kan vere med og påverke. Fylkestinget skal vedta dei endelege planane i mars, etter å ha gått gjennom alle innspel som kjem inn.
Bak dei lange plannamna ligg spørsmål som får betydning for utviklinga i alle delar av fylket: bustader og næringsareal, vegar og transport, arbeidsplassar og utdanning, energi, natur og beredskap.
Og ikkje minst: Korleis skal Vestland utvikle seg når vi blir færre i arbeidsfør alder og konkurransen om folk med rett kompetanse blir hardare?
Får innverkand på kommunen din
Regional plan for areal og mobilitet skal liggje til grunn når kommunane planlegg arealbruk og utvikling. Fylkeskommunen skal også bruke måla og retningslinjene i planen når vi uttalar oss til kommunale planar.
Kommunane har framleis sitt eige planmynde og handlingsrom. Men dei blir i Regional plan for areal og mobilitet mellom anna oppmoda om å bruke kommuneplanen meir strategisk, gå gjennom eldre reguleringsplanar og vurdere areal som tidlegare er sette av til utbygging.
– Desse planane vert styringsverktøy for heile samfunnsutviklinga i Vestland. No håpar eg at kommunepolitikarane i Vestland nyttar sjansen, og seier kva retning dei vil ha. Ved å engasjere seg og kome med innspel no, er ein med heilt frå starten, seier Askeland.
Føreslår elleve regionsenter
Eitt av dei seks hovudgrepa i areal- og mobilitetsplanen er eit prioritert hovudtransportnett. Målet er eit trygt og påliteleg transportsystem som bind fylket saman og støttar både kvardagsreisene våre og transportbehova til næringslivet.
Samtidig skal bustader, arbeidsplassar, tenester og transport sjåast meir i samanheng.
Bergen er fylkessenter, medan Førde, Leirvik, Voss, Sogndal/Leikanger, Odda, Nordfjordeid, Florø, Kleppestø, Straume, Knarvik og Osøyro er peika ut som regionsenter. Tanken er at sterkeEin by eller tettstad som fungerer som eit regionalt tyngdepunkt for eit større omland. Regionsentera har eit breitt tilbod av tenester som vidaregåande skule, spesialisert helsetenester og offentleg forvaltning, i tillegg til handel, kulturliv og kollektivknutepunkt. skal sikre tilgang til arbeidsplassar og tenester og bidra til busetjing og verdiskaping også i kommunane rundt.
Jakta på arbeidskraft
Den andre planen, Regional plan for verdiskaping og kompetanse, tek tak i ei av dei store utfordringane for Vestland framover: å få tak i nok folk med rett kompetanse.
Demografiske endringar og ujamn utvikling i fylket kan gi mangel på både arbeidskraft og kompetanse. Samtidig står menneske utanfor arbeidslivet. Difor skal næringsutvikling, utdanning, kompetanse og inkludering sjåast tettare i samanheng.
Blant måla er meir fleksible utdannings- og kompetansetilbod som svarar på behova i arbeidslivet, at fleire fullfører utdanning, meir kunnskapsbasert nyskaping og at fleire deltek stabilt i arbeids- og samfunnslivet.
Planen har eit breitt næringsperspektiv og omfattar mål og strategiar for innovasjon, omstilling og verdiskaping på tvers av sektorar, bransjar og næringar.
Ni planar blir til to
Dei to nye planane betyr også ei kraftig opprydding i planverket.
Ni gjeldande regionale planar skal erstattast, mellom anna regional transportplan, regional plan for klima, regional plan for fornybar energi og regional plan for innovasjon og næringsutvikling. Målet er eit enklare og meir samla plansystem der område som heng saman, i større grad blir sett i samanheng.
Sei meininga di digitalt – og hugs høyringsmøte
Planane skal gjelde i 12 år, men før dei blir endeleg vedtekne, er det tid for høyring.
Kommunar, næringsliv, organisasjonar, statlege aktørar, ungdom og andre som har noko på hjartet, får no åtte veker på å kome med innspel. Høyringsfrist: 1. november 2026.
Alle som ynskjer, kan meine noko om innhaldet i dei to planane via eit digitalt høyringsskjema. Du kan velje tema du er oppteken av, skrive eit innspel og sende inn. Målet er at folk lett skal kunne engasjere seg.
Meir informasjon om planane og planprogram, og lenke til skjema for innsending av uttale finn de på nettsidene for dei to planane:
Vi arrangerer digitalt høyringsmøte 16. sept klokka 08.30-10.00. Møtet er ope for alle.