Vestland innfører felles mobilreglar i vidaregåande skular

Frå 1. august 2026 får alle vidaregåande skular i Vestland felles reglar for bruk av mobiltelefon og smartklokke i opplæringsøktene. Mobiltelefonar og smartklokkar skal leggast bort og vere sette på lydlaus under opplæringsøkta.

Jente leser i en bok med en mobil ved siden av boken
DENNE MÅ BORT: Frå 1. august må mobiltelefonar og smartklokkar leggast bort og vere sette på lydlaus under opplæringsøkta. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Fylkestinget vedtok 17. juni endringar i forskrift om skulereglar for Vestland fylkeskommune. Den mest merkbare endringa er at mobiltelefonar og smartklokker skal leggast bort og vere sette på lydlaus under opplæringsøkta.

Mobiltelefon kan brukast dersom læraren gir løyve til det. Elevrådet og skulemiljøutvalet ved kvar skule skal ha reell medverknad i korleis regelen skal praktiserast.

Frå lokale til felles reglar

Då fylkestinget vedtok skulereglane i 2024, bestemte dei at kvar skule skulle lage eigne tilleggsreglar for mobilbruk etter ein lokal prosess. Samtidig vedtok fylkestinget at skulereglane skulle kome tilbake til politisk handsaming etter å ha vore i kraft i eitt år, for evaluering og eventuelle justeringar.

Denne våren har endringane i skulereglane vore ute på open høyring. I høyringa peikte fleire på at felles og tydelege reglar kan vere bra både for arbeidsmiljøet til dei tilsette og for læringsmiljøet til elevane. Fylkestinget har no vedteke ein felles regel for alle dei vidaregåande skulane.

– Elevane skal ha eit godt læringsmiljø, og lærarane skal ha ro til å undervise. Felles reglar gjer det tydelegare kva som gjeld, samtidig som skulane får rom til å finne praktiske løysingar lokalt, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Fylkestinget vedtok også andre endringar i forskrift om skulereglar for Vestland fylkeskommune.

Dei kan du lese om i saksfremlegget