Nytt tilbod for alle som vil bli tryggare digitalt
Vestland fylkeskommune samarbeider med fleire offentlege aktørar i Bergen om å arrangera Digidagane frå 21. til 24. oktober. Målet er å hjelpa innbyggjarane til å bli tryggare på å bruka digitale tenester.
Digidagane er eit gratis tilbod til alle som ønskjer å bli tryggare på digitale tenester i kvardagen. På Hovudbiblioteket kan innbyggjarane få personleg rettleiing, delta på foredrag og stilla spørsmål om mellom anna Skyss-appen og tilrettelagd transport (TT-kortet), som er to store tenester frå fylkeskommunen. I tillegg kan innbyggjarane få informasjon og personleg rettleiing om digitale helsetenester, offentlege skjema, mobilbruk, BankID og digital postkasse.
Fire dagar med foredrag og rettleiing
– Dette er eit viktig og godt initiativ der vi er med som ein av partane. Fleire av tenestene våre er digitale, men ikkje alle synest det er like enkelt å bruka appar og nettsider. Vi håpar mange vil komme på Digidagane på Bergen offentlege bibliotek for å lære meir og få god rettleiing i korleis dei kan ta i bruk digitale tenester, seier fylkesdirektør Robert Rastad.
Digidagene blir arrangert for første gong i år og Vestland fylkeskommune er arrangør saman med dei andre offentlege aktørane Bergen kommune, BIR, Helse Bergen, KS Digital og Nav. Agenda Vestlandet og Sparebanken Norge bidreg òg til arrangementet.
Målet er både å gi innbyggjarane praktisk hjelp og samtidig læra meir om kva utfordringar dei møter. Denne kunnskapen skal brukast til å utvikla meir brukarvenlege tenester.
Samarbeid på tvers
– Gjennom Digidagane samarbeider vi på tvers av offentleg sektor. På denne måten kan vi saman gjere det enklare for innbyggjarane å bruka dei digitale tenestene våre, seier Rastad.
Under Digidagane skal representantar frå Vestland fylkeskommune informere om den nye appen til Skyss og om TT-kortet. I Skyss-appen kan brukarane mellom anna kjøpe billettar til kollektivtransport og sjekke rutetider i sanntid. TT-kortet handlar om tilrettelagt transport og er ei ordning for menneske med nedsett funksjonsevne som ikkje kan nytte det ordinære kollektive rutetilbodet, for eksempel til fritidsreiser.
I tillegg til føredrag blir det mogleg å få individuell digital rettleiing over bordet av medarbeidarar frå verksemda vår.
Arrangementet er støtta av Digitaliseringsdirektoratet.
– Vi er svært glade for at Vestland fylkeskommune er med på laget. Det har vore kjekt å planleggja Digidagane saman. Vi håpar tilbodet vil hjelpa fleire innbyggjarar til å bli tryggare på digitale tenester. Samtidig får vi verdifull innsikt som kan hjelpa oss med å utvikla betre tenester og styrkja samarbeidet på tvers, seier prosjektleiar Eva Hille og Kenneth Eidsvåg Oppedal, fungerande digitaliseringsdirektør i Bergen kommune.
Her kan du laste ned PDF av programmet for Digidagane