Endra dato: Mellombels stans i publisering av postlista i sommar

Oppdatert 30. juli: Publiseringa av den offentlege postlista på e-innsyn er no starta opp att etter ein mellombels stans i veke 29-31 (13. juli - 30. juli).

Papirkalender med minisolstol og solhatt oppå.
Publiseringa av postlista tek sommarferie, men innsynsretten din gjer det ikkje. Illustrasjonsfoto: Shutterstock.

I nyheitssaka som vart publisert 9. juli stod det at det var mellombels stans i publiseringa av postlista fram til 14. august. Publiseringa er frå 30. juli starta opp att. Saken er oppdatert med korrekte datoar.

Dokumentsenteret har redusert kapasitet i sommar på grunn av ferieavvikling og høgt saksvolum. For å sikre kvaliteten på det som vert publisert har vi valt å stanse nettpubliseringa av postlista i denne perioden. 

Journalføringa held fram som normalt 

Den interne journalføringa av all inn- og utgåande post held fram utan avbrot i heile perioden. Det er berre nettpubliseringa på e-innsyn som vert sett på pause.

Når kjem postlista tilbake?

I veke 31 startar vi opp publiseringa igjen. Postlistene frå perioden 13. juli – 30. juli vil då bli gjort tilgjengelege. 

Innsynsretten din gjeld framleis

Sjølv om postlista ikkje blir publisert på e-innsyn i sommar, har du framleis full rett til innsyn.

  • I veke 31 startar vi opp publiseringa igjen, og postlistene frå perioden 13. juli – 30. juli blir då gjort tilgjengeleg via einnsyn.no
  • Innsyn blir gitt etter offentleglova § 10
  • I veke 31 vert journalpostar publiserte på postlista fem verkedagar etter journalføringsdato.