Lysstolpar kan gi falsk tryggleik
Vestland fylkeskommune vil fjerne enkeltståande lyktestolpar langs fylkesvegnettet for å betre trafikktryggleiken og redusere lysforureining.
Det høyrest kanskje litt rart ut at mindre lys kan gjere vegen tryggare. Vi er vane med å tenkje at lys gir oversikt og tryggleik, og mørke det motsette. Men når lys står aleine langs vegen, kan effekten faktisk bli motsett av det vi trur.
Slike isolerte lyspunkt skaper sterke kontrastar mellom lys og mørke. Det kan opplevast som blendande for trafikantar, og gjer det vanskelegare å oppfatte kva som skjer i dei mørke områda rundt.
Vestland fylkeskommune tek no grep for tryggare vegar og meir berekraftige løysingar. Eitt av tiltaka er å fjerne enkeltståande lampepunkt, einskilde lysstolpar som står åleine utan samanhengande vegbelysning.
– Målet vårt er tryggare vegar. Då må belysninga vere heilskapleg og føreseieleg. Enkeltståande lampepunkt kan gi ei misvisande kjensle av tryggleik, og samstundes gjere mjuke trafikantar mindre synlege i trafikken, seier Adrian Kasin, prosjektleiar for elektro i Vestland fylkeskommune.
Mindre lysforureining
Fylkeskommunen understrekar at det viktigaste tiltaket for å vere synleg i trafikken, alltid er bruk av refleks, også på vegar med fullverdige veglysanlegg.
Sterke kontrastar mellom lys og mørke gjer at ein mørkkledd person kan bli vanskeleg å oppdage med eit enkelt veglys. Erfaringar viser at personen kan vere meir synleg i jamt mørke med langlys frå bil, enn i området rett etter eit isolert lys.
Tiltaket gir også viktige miljøgevinstar. Mindre bruk av kunstig lys bidreg til å redusere lysforureining, som elles kan påverke natur, dyr og insekt negativt. Samstundes blir nattehimmelen betre bevart.
Startar i fleire kommunar
Arbeidet med å avvikle enkeltståande lampepunkt på fylkesvegnettet startar i juni 2026 i kommunane:
• Bjørnafjorden
• Kvinnherad
• Ullensvang
• Eidfjord
• Kvam
• Sunnfjord
Tiltaket blir gjennomført i samband med planlagd oppgradering av veglys i Hardanger. Andre område vil bli vurderte fortløpande.